Hopp til innhold

Vil ha kraftlinje i bilvegen

Kay Lise Leknes vil leggje kraftlinja i kystvegen.

Kay Lise Løkeland Leknes

Kay Lise Leknes

Foto: Ingunn Osland, Ingunn Osland, Firda Media

Vi har spurt toppkandidatane kva dei meiner om nokre aktuelle problemstilingar for Sogn og Fjordane.

Høyr politikarportrettet med Kay Lise Leknes

1. Kor aktuelt meiner du det er å bruke bompengar for å betale for samferdselsprosjekt?

– Vi er imot bruk av bompengar for å betale eksisterande og framtidige samferdsleprosjekt. Kystpartiet vil gå imot bruk av 25 milliardar i eit eksperiment på fangst av lagring av CO2 på Mongstad. Vi vil bruke desse pengane til å bygge kystvegen frå Bergen til Ålesund med 132kV-kraftkabel i vegtrasèen og tilrettelegging for el-bil.

2. Kva meiner du bør skje med den planlagde 420 kV kraftlinja tvers gjennom fylket?

– Vi er imot att den skal byggjast, men går derimot inn for fleire 132kV-kablar igjennom fylket. Hovudsakleg lagt i kabel langs hovudvegen.

3. Kva vil du gjere for få slutt på fråflyttinga frå fylket?

  • Tilføre kommunane meir pengar som dei sjølve kan styre etter behov.
  • Samferdsle – utbetring av logistikken.
  • Avvikle byråkratiske ordningar som i dag er til hinder for industrien og nyetableringar, og elles leggje til rette for att bedrifter kan tene pengar.
  • Privatpersonar og industri må få byggje der det er mogeleg om dei ønskjer å busette seg eller starte opp med noko i distrikta, og ikkje verte overstyrte av byråkrati og lovverk som ikkje har sunn fornuft.

4. Kva meiner du må gjerast for at Helse Førde skal kome ut av dei økonomisk problema?

– Få slette all gjeld til sjukehusa. Føretaksmodellen skal avviklast. Tilføre sjukehusa midlar som er nødvendige for å få utført helsetjenesta.

5. Kva er det viktigaste du som politikar vil gjere lokalt for miljøet?

– Få retta oppp miljøskadene som vasskraftutbygginga har påført fiskebestanden Sogn og Fjordane og kysten utanfor.

Litt meir personleg:

1. Kva har vore avgjerande for partivalet DITT?

– Partiprogrammet.

2. Kva sak er den viktigaste for DEG å kjempe for dei neste fire åra?

  • Samferdsle og logistikk.
  • Tilbakeføring av midlar til distrikta, av dei verdiane som
    distrikta skapar.
  • Kystpartiet går imot 420kv linja Fardal - Ørskog. Eg vil ha fleire 132kv linjer lagt i kabel. Nytte straumen som vi har til å bygge industri i Sogn og Fjordane.
  • Arbeide mot nedlegging av grendaskular på grunn av økonomiske motiv.
  • Gå imot eigedomsskatt
  • Bygging av Stad skipstunnel

3. Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– Dei vi kjem likast ut av det med, i høve til politikken vår og sunn fornuft.

4. Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Dei vi kjem best ut av det med i høve til programmet vårt.

5. Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Vi har ikkje noko meining om dette.

Høyr politikarportrettet med Kay Lise Leknes