Hopp til innhold

Kaupanger slo opprykksfavoritten 1-0 på heimebane

(KAUPANGER 1 - 0 SARPSBORG 08) Kaupanger slo opprykksfavoritt Sarpsborg 08 heime på Kvednhushaugen i dag.

Damelaget til Kaupanger

SIGER: Damelaget til Kaupanger vann mot Sarpsborg søndag (arkivfoto).

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Etter ein stillingskrig heile kampen, der begge lag hadde sjansane til å scora, var det Vårin Ness som fekk avgjera kampen etter 81 minutt, i fylgje Firda si live-dekning.

Marius Bøe

NØGD: Trenar Marius Bøe.

Foto: Christian Blom / CB Foto

– Det var ei herleg kjensle å sjå den gå i mål, seier Kaupanger-trenar Marius Bøe til nrk.no etter kampen.

Etter tre kampar står Kaupanger no med fire poeng i førstedivisjon, og ligg for augneblinken på ein 6. plass på tabellen (det er fleire lag som har ein kamp mindre spelt).

Men poenga bryr ikkje Bøe seg so mykje om.

– Sjølvsagt er eg nøgd med det, men poenga er ikkje i hovudfokus for oss. Me må dyrka erfaringa me får i kvar einaste kamp og bygga vidare på det. Me veit at me klarer å ta nok poeng i år til å nå målet vårt om å etablere oss i divisjonen.

– Vanvitig laginnsats

Guro Øydvin

SPELTE GODT: Keeper Guro Øydvin spelte ein god kamp for Kaupanger søndag.

Foto: Christian Blom

Kaupangerkeeper Guro Øydvin varta opp med fleire gode redningar som heldt Kaupanger inne i kampen. Ho kan visa seg å bli ein svært viktig spelar for klubben i år, førre kamp redda ho straffe i kampen som enda 0–0.

– Ho er nok ein av dei beste keeperane i divisjonen, og gjer to klasseredningar i førsteomgang. Men i dag står heile laget fram på ein fantastisk måte og legg ned ein vanvitig arbeidsinnsats. Både trenarteam og støttespelarar, til og med heile arrangementet, er veldig bra i dag, seier Bøe.

Trenaren er spesielt nøgd med at dei klarer å spele sitt eige spel mot eit lag som er tippa heilt i toppen av divisjonen.

– Sarpsborg 08 er opprykksfavorittar, so me visste det vart ein tøff kamp. Men me gjekk ut for å følga vår kampplan, og det klarer spelarane heilt fantastisk. Då får me dei sjansane ein alltid får i fotball, me er effektive og scorar.

– I periodar ser me att det me trenar på, og det gler meg.

Neste kamp er borte mot Grand Bodø, men før det skal søndagens siger analyserast.

– So får me heller suga litt på denne karamellen når me er ferdige med analysen, og so blir å tenkja framover mot neste kamp, seier Bøe.