Hopp til innhold

Kaupanger stavkyrkje får ny gravlund - nabo meiner utbygginga er halvhjarta

Den nesten 900 år gamle stavkyrkja på Kaupanger skal få ny gravlund. Men kommunen har halvert budsjettet, noko som gjer kyrkja sin næraste nabo svært oppgitt.

Kaupanger stavkyrkje

NY GRAVLUND: Stavkyrkja på Kaupanger skal få ny gravlund, men denne blir bygd ut i fleire steg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Gravlunden skal etter planen innehalde plass for 326 nye kistegraver, 125 urnegraver, parkeringsplassar, rundkøyring, gangvegar og eit servicebygg med toalettfasilitetar.

Men kommunen har ikkje råd til å realisere alt på ein gong. Servicebygget er blant det som blir droppa i denne omgang.

– Kommunen eig ei av 28 stavkyrkjer i Norge. Å snakke om økonomi når ein sit på slike ressursar, det synest eg er litt merkeleg, seier Christoffer Knagenhjelm.

Redd det vil ta år å fullføre prosjektet

Christen Knagenhjelm og Christoffer Knagenhjelm

ÅREVIS: Christoffer Knagenhjelm fryktar det vil ta mange år før prosjektet med ny gravlund blir fullført.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I tillegg til å ha stavkyrkja rett utanfor stovedøra, eig og driv han familieverksemda Knaken kafe, som om somrane fungerer som eit besøkssenter for stavkyrkja. Han er utdanna arkeolog og oppteken av å ta vare på den rike historia til både bygda og kyrkja.

Difor er han ikkje nøgd med at kommunen kuttar den opphavlege pengesekken i to, frå elleve til litt over fem millionar. No fryktar han det vil gå lang tid før dei endelege planane blir sett i live.

– Viss ikkje det blir sikra skikkelege midlar i utgangspunktet, så er erfaringa at det kan ta år før ein går vidare med neste byggjesteg. Eg er stygt redd vi blir sitjande i mange år med eit halvhjarta prosjekt, seier Knagenhjelm.

Minst likar han at det nye servicebygget er ute i kulda. Det ville vore eit viktig løft for stavkyrkja som turistmål.

– Det er trist at kommunen ikkje ser seg råd til å bruke dei midlane som er naudsynte. For både fastbuande og turistar er det eit stort sakn at det ikkje er skikkelege toalettforhold her, seier Knagenhjelm.

Jostein Aanestad

BUDSJETT: Rådmann Jostein Aanestad seier pengar til det planlagde servicebygget truleg er noko som vil kome opp i dei årlege budsjettforhandlingane.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Treng fleire gravplassar

Rådmann Jostein Aanestad seier utbygginga først og fremst tek sikte på å auke kapasiteten på den eksisterande gravlunden rundt stavkyrkja.

– Den er snart brukt opp og det er behov for fleire gravplassar, seier han.

Forklaringa på at utbygginga blir delt opp har fleire sider.

– Vi har ikkje bruk for heile gravlundkapasiteten med det same, og det er betre økonomisk å ta ting etter kvart som vi treng det. Vi skulle gjerne bygd toalettfasilitetar ved kyrkja, men har ikkje funne rom for dette i budsjettet neste år.

Vidare seier han at dei har hatt fleire rundar med Riksantikvaren for å få ei gravlund som er tilpassa det historiske området rundt. Mellom anna er det strenge krav til kva minnestein som kan nyttast, slik at det ikkje skal bli for prangande.

– Gravlunden har òg det ved seg at vi får opna opp landskapet rundt stavkyrkja, noko eg trur alle vil oppleve som positivt for dette viktige kulturlandskapet, seier Aanestad.