Hopp til innhold

Kaupanger-spelar kan gå til Røa

Målvakt på Kaupanger sitt damelag Linn-Mari Nilsen er aktuell for eliteserielaget Røa, det skriv Sogn Avis i dag. – Ho skal trena med Røa frå søndag til tysdag, så tek me det derfrå. Dei er ikkje den første klubben som er interessert i Linni, og det er naturleg at ho blir lagt etter at ho gjorde det godt i EM, seier Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde, til avisa.

Linn-Mari Nilsen
Foto: Sondre Dalaker / NRK