Hopp til innhold

Kaupanger nekta Fjøra tabelltopp

Kaupanger vart for sterke for tabelltoar Fjøra i nabo-oppgjeret i 3. divisjon fotball på Fosshaugane Campus måndag kveld.

Kaupanger vann 4-2, og dermed miste Fjøra høvet til å trone åleine på toppen av tabellen.

- Dårleg dag på jobb

- Ein dårleg dag på jobb, konstaterer Fjøra-trenar Jan Rune Årøy, medan Kjell Ertesvåg og hans disiplar i Kaupanger hadde ein av sine betre.

Fjøra held framleis andreplass på tabellen med sine 10 poeng før resten av den femte serierunda blir spelt. Kaupanger har no sju poeng etter ein svært ujamn sesongstart med to sigrar i nabo-oppgjera mot Fjøra og Sogndal 2, uavgjort mot Førde og tap for Høyang og Skavøypoll..

Det var to mål av Frode Kvam, eitt av Preben Strypet og eitt av Ole Einar Rebni som gjorde at Kaupanger sikra seg alle tre poenga. Vegard Ruud og Morten Hagen skåra for Fjøra.

Mange nabo-oppgjer 16. mai

Tysdag kveld blir fire av dei andre nabo-oppgjera i den femte serierunda i 3.divisjon spelt. Dale møter Førde på Dingemoen i Dale, Selje og Sandane møter kvarandre på Selje stadion, Stryn tek imot Eid, medan Skavøypoll er vertslag mot Tornado Måløy.

Kampen mellom Sogndal 2 og Høyang blir spelt 6. juni..