NRK Meny
Normal

Kaupanger med kurs mot nedrykk

Livet i 1. divisjon heng i ein tynn tråd etter at Kaupanger i dag tapte 0-2 mot Sarpsborg 08.

Kaupanger-Urædd

TUNGT: Regn og mykje overvatn gav begge lag ein tung kamp. (Arkivfoto).

Foto: Torben Stedje / NRK

– Matematisk er det fullt mogleg for oss å overleve. Men viss laga framfor oss vinn sine kampar i morgon, så spørs det om mykje er gjort, seier Kaupanger-trenar Per Are Verlo.

Etter laurdagens kamp mot tabell-toar Sarpsborg 08 ligg Kaupanger på nestsiste plass på tabellen med åtte poeng, og dei har sju poeng opp for å få kontakt med næraste lag.

– Men vi har ikkje rykt ned før vi har gjort det. Vi konsentrerer oss om jobben som skal gjerast, seier Verlo.

Har fire kampar att

Det står att fire kampar i årets serie. Neste helg dreg dei til Tromsø for å spele mot botnlaget Fløya.

– Vi har att to botnlag og to topplag. Men kampane skal spelast, seier Verlo.

Han meiner det var lite som skilde dei to laga på bana i dag.

Per Are Verlo

SMÅ MARGINAR: Kaupanger-trenar Per Are Verlo meiner uavgjort hadde vore eit meir rettferdig resultat på dagens kamp.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

– Det var ikkje snakk om noko klasseforskjell. Absolutt ikkje. Men vi hamna under etter eitt minutt, og det prega resten av kampen. Vi måtte opp og jage, seier Verlo.

Tenkjer ikkje på nedrykk

Begge lag hadde fleire sjansar som dei ikkje sette, og Verlo er klar på at kampen fort kunne fått eit anna resultat dersom Kaupanger hadde sett fleire av sine.

– Vi hadde iallfall to i tverrliggjaren og eitt i stanga. Uavgjort hadde nok vore eit rettare resultat i dag, seier Verlo.

Med regnet ausande ned var det tunge forhold for spelarane.

– Det var vått og tungt med mykje overvatn. Rett og slett ei tung økt, seier Verlo.

– Kor mange spelarar kjem de til å miste dersom laget rykkjer ned?

– Det har ikkje vore eit tema. Den diskusjonen får vi ta viss det er det som skjer, seier Verlo.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.