Hopp til innhold

Moste gamle lagvenninner i kallassiger

Dei tre jentene har alle spelt for Kaupanger, men i kveld synte dei styrke då dei hjalp Sandviken til storsiger i cupkampen på skogen.

Silje Torvanger, Stine Hovland og Eli Anne Dvergsdal

VANN FOR SANDVIKEN: Silje Torvanger, Stine Hovland og Eli Anne Dvergsdal imponerte alle mot sitt gamle lag Kaupanger torsdag kveld.

Foto: Christian Blom / NRK

Silje Torvanger, Stine Hovland og Eli Anne Dvergsdal var inntil nylig sjølv ein del av stammen i kvinnefotballmiljøet på Kaupanger. Men i kveld synte dei ingen nåde mot gamle lagvenninner då dei kom heim att med sitt nye lag, Sandviken i Bergen.

Etter full tid stod det 0-7 i målprotokollen, og Kaupanger-trenar Per Arne Verlo måtte innsjå at det var lite å gjere mot eit langt sterkare bortelag.

– Vi blir nokre hakk for små sånn etterkvart. Det startar jo på verst mogleg måte med eit dødballmål i mot før det har gått eit minutt. Vi gjorde det ikkje lett for oss sjølve. Så bestemte vi oss etter ein halvtime for å leggje oss bak for å nekte dei rom. Då spelar vi ein lang periode uten å sleppe inn mål, så glipper det litt etterkvart, sa Verlo til NRK etter cupkampen.

Han innrømmer lett at det slett ikkje er noko god framsyning frå Kaupanger-damen si side, men legg også vekt på at dei møtte sterk motstand, ikkje minst frå dei tidlegare Kaupanger-spelarane.

– Vi klarer ikkje å følgje dei eller stå imot dei. Det dei driv på med er eigentleg toppserienivå. Vi blei duellert ut av kampen og sprunge frå i periodar, seier Verlo.