Hopp til innhold

– Fekk gåsehud frå topp til tå

Sist gong Kaupanger var i 1. divisjon var i 2004. Neste sesong skal veteranen Åse Neraas og dei andre Kaupangerspelarane endeleg få spele på nest høgste nivå att.

Kaupanger-damene feirar opprykk til fyrstedivisjon like etter kampslutt mot Urædd.

SJÅ VIDEO: Her feirar dei opprykket. (mobilvideo: Sondre Dalaker/NRK)

– Det er heilt utruleg kjekt. Eg gleda meg slik før kampen, og når Vårin (Ness, red anm.) tuppa inn den siste scoringa, då fekk eg gåsehud frå topp til tå, sa Neraas etter den nervepirrande opprykkskampen mot Urædd frå Porsgrunn.

Kollenstemning

Det minna om Kollen-stemning på Kaupanger i dag. Det var kaldt, klårt vêr, sol og masse folk. Og dei nærmare 400 tilskodarane fekk nett det dei kom for: Kaupanger-opprykk.

– Det var på tide, og vel fortent. Ikkje berre for spelarane, men for trenarane og apparatet rundt. Det var sikkert 400 tilskodarar, og det er ikkje berre kaupingar, men folk frå heile regionen, seier Åse Neraas.

Kaupanger-damene jublar

FEIRING: Åse Neraas (med champagneflaska) og resten av Kaupanger kunne juble etter at dei vann opprykkskampen.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

– I heile haust har me spelt som eit førstedivisjonslag, og me har vore gode på trening. Det er viktig når me no skal spela på eit høgare nivå neste år.

Vart pressa

Kaupanger starta friskt, og etter åtte minutt fekk dei utteljing. Synne Christiansen slo ein god corner frå høgre, ballen spratt ein gong inne i feltet før den trefte eit Urædd-bein og gjekk i mål.

Men etter dette datt Kaupanger litt nedpå, og etter 41 minutt utlikna bortelaget fortent til 1–1 på corner.

Men trenar Marius Lenni Bøe må ha sagt noko lurt til Kaupanger-damene i pausen, for etter kvilen var kampen litt jamnare att.

Og etter 70 minutt sendte Vårin Ness Kaupanger-publikummet til himmels.

– So berre trilla den over streken

– Eg heada ballen i stolpen, men såg at det ikkje kom so mange på returen. Då tenkte eg at den ballen skal inn, og so berre kasta eg meg fram. Den trilla over linja. Eg trur eg aldri har jubla so mykje, seier Ness.

Kaupanger-damene

MATCHVINNAR: Vårin Ness (som mottek blomane) vart matchvinnar i kampen mellom Kaupanger og Urædd.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

– Heilt «OK»

– Det følast OK å rykka opp til fyrstedivisjon, gliser ein tydeleg letta Kaupangertrenar, Marius Lenni Bøe.

Marius Bøe

GLAD: Kaupanger-trenar Marius Lenni Bøe.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er blitt brukt enormt med tid og det er gjort ein enorm jobb i både spelargruppa og apparatet rundt.

Kaptein Stine Hovland føler seg klar for å prøva seg på det nest høgste nivået i fotballen her i landet.

– Det var absolutt på tide. Alle er gira på ei ny utfordring, og no blir det enklare å halda talenta her i fylket, i staden for at dei reiser andre stader.

Men før neste sesong skal ofrast ein tanke, er det klart for bankett.

–Den blir nok bra, ja, smiler Bøe lurt.

Kaupanger jublar for opprykk.

REKORD? Fleire tilskodarar og frivillige på kampen sa det var veldig lenge sidan det hadde vore ein slik stemning på Kvernhushaugen.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no