No ligg lagnaden til sogningane i hendene til opprykksrivalane Skjetten og Donn, som møtest til avgjerande kamp komande helg. Oppmann Norman Henning Fimreite har tru på opprykk for Kaupanger.
Målskårarane for Kaupanger var Rosita Obi, Randi Karin Lied og Katrine Wolff.
- Skjetten har fordel
Forrige helg spelte Kaupanger 2-2 mot Skjetten i den fyrste kvalifiseringskampen. Skjetten har dermed resultatet frå Kaupanger-Donn å spele på når dei møter sørlandslaget neste helg. - Skjetten har på den måten ein fordel, meiner oppmann Norman Henning Fimreite.
Lenge jamspelt
Kampen mellom Kaupanger og Donn laurdag var lenge jamspelt. Fyrst etter ein halvtime greidde Kaupanger å riva til seg overtaket. Kaupanger rei av stormen og vann altså til slutt 3-1. No fryktar kaupangeroppmann Fimreite at Donn-spelarane ikkje skal vera skikkeleg motiverte før den avgjerande kampen mot Skjetten neste helg.