Hopp til innhold

Kattungane overlevde ikkje

Kattungane som var funne i søpla ved ASVO i Deknepollen tysdag i førre veke, døydde tre dagar etter.

Reidun Haug Silden (bak t.v.), Sigrunn Falkevik Øye og John Svarstad (t.h.)

OVERLEVDE IKKJE: Reidun Haug Silden (bak t.v.), Sigrunn Falkevik Øye og John Svarstad (t.h.) oppdaga kattungane i søpla. To av dei var i live, men tre dagar etter døydde også dei.

Foto: Svanhild Breidalen / Fjordenes Tidende

Då dei tilsette ved ASVO sorterte papp og papir, høyrde dei brått pipelydar frå samlebandet. Der stod ein lys levande kattunge. Dei fekk stoppa samlebandet og redda kattungen. Like etter oppdaga dei to til, ein var død og ein var i live.

Dei to kattungane som overlevde vart teken hand om av Rigmor Haug Silden, som har vore aktiv i Dyrebeskyttelsen i fleire år. Tre dagar etter at ho tok dei heim døydde kattungane, skriv Fjordenes Tidende.

– På fredag begynte dei å bli dårlege, og på kvelden måtte dottera mi køyre dei til veterinær i Eid. Ein av dei måtte avlivast med ein gong. Den andre prøvde dei å få liv i, men etter kvart måtte også den avlivast, fortel ei sterkt berørt Haug Silden.

Knytte seg til kattungane

Ho knytte seg sterkt til kattungane den tida dei var hos ho.

– Ein knyt sterke band når ein må mate dei og få dei til å tisse, og alt anna. Det er ekstra sårt at når dei overlevde å bli kasta i søpla og så stryk dei med likevel, seier den dyreglade kvinna.

Kva som gjorde at kattane ikkje overlevde kan verken ho eller veterinær gi eit sikkert svar på.

–Det kan ha vore ein blanding av at dei fekk meir mat enn dei tolte og stresset av ha blitt dumpa, seier Haug Silden.

Vil ha strengare krav til kattehald

Ho meiner det ikkje er tvil om at kattane har blitt dumpa.

– Det er minst ein eller to der ute som burde sove dårleg om natta. Ein gjer berre ikkje sånt.

Ifølgje Haug Silden er det heller ikkje første gong at det er funne kattungar i papirsøpla hos ASVO, men tidlegare har dei ikkje vore i live når dei vart funne.

– Kattar har ikkje status i det heile. Dei er blitt nærast bruk og kast. På denne årstida vert kattungar nærast kasta etter deg. Det burde ha vore strengare krav til å ha katt. Har du ikkje råd til å kastrere eller sterilisere katten din bør du heller ikkje ha katt, meiner ho.