Hopp til innhold

Då katten hennar skremde fletta av nabojenta, fekk Anette ein ide…

Læraren tok pennen fatt og skreiv ei barnebok om sin eigen katt, også kalla dragepusen.

Anette Skarsbø og Dragepusen

SKUMMEL KATT: Katten til Anette Skarsbø, Susie, vert omtala av nabojenta som ein Dragepus. Det gav Anette ideen til å skrive ei barnebok.

Foto: privat

– Ideen fekk eg etter ein episode med nabojenta vår, Linnea. Ein dag etter at ho hadde vore ute for å hente posten kom ho springande heim att og var kjemperedd for noko ho kalla for ein dragepus, fortel Anette Skarsbø frå Sogndal.

Linnea meinte pusen hadde jaga ho. Det viste seg at den såkalla dragepusen var Skarsbø sin eigen huskatt, Susie.

Jenny 3 år er hovudperson i ny barnebok

HOVUDPERSONEN: Jenny på 3 år er hovudpersonen i mamma si nye barnebok om dragepusen.

Foto: privat

– Eg begynte å tenke litt rundt dette her, og fann ut at dette i grunn var litt spennande. Så eg bestemte meg for å jobbe vidare med historia.

Begynte som matpakke-historie

Denne veka debuterer nemleg den unge læraren som forfattar med barneboka som nettopp har fått namnet «Dragepusen».

28-åringen jobbar som lærar på ein barneskule og pleier ofte å skrive historier som ho fortel medan elevane et matpakka si.

Dragepusen

DRAGEPUS: Og slik ser dragepusen ut...

Foto: privat

– Eigentleg begynte forteljinga om Dragepusen òg som ei historie til elevane mine. Så fekk eg veldig god respons frå 2. klassen som eg hadde på dette tidspunktet, og då tenkte eg at dette kunne bli noko meir, fortel ho.

I fjor gjekk ho på lærarhøgskulen i Sogndal og lærte om tekstskaping, barnebøker og skriveprosessar og tok historia opp igjen.

Ein katt som lagar dragelydar

Skarsbø skildrar dragepusen som ein skummel skapning som likar å skremme ungar og det går rykte om han i nabolaget.

– Dette er ein spraglete katt som lagar dragelydar og er ute etter å ta ungar ifølgje nabojenta vår. I realiteten så viser det seg at det ikkje er slik likevel. Boka syner litt korleis eit barn sitt tankesett kan lage eigne fantasiar av noko som kanskje ikkje er så skummelt, fortel ho.

Jenny er hovudpersonen i boka og dottera til Skarsbø. I boka har ho fått vite om denne pusen og vil funne ut meir om den, og saman med hunden sin reiser ho ut for å finne ut meir om dragepusen.

Boka er på nynorsk noko som er viktig for Skarsbø.

– Det er viktig å syne ungar at vi må halde på nynorsken og kjempe for den. Dessverre er det lite barnebøker på nynorsk, og det å bidra til fleire bøker er veldig kjekt å kunne gjere, seier ho.