Hopp til innhold

Katteleiting stengde tunnel

Personar til fots, på leit etter kattar i Naustdalstunnelen, førte til at tunnelen på riksveg 5 mellom Naustdal og Eikefjorden var stengd i over ein halvtime.

Naustdalstunnelen

STENGD: Naustdalstunnelen stengjer automatisk dersom det vert oppdaga gåande i tunnelen. Biletet er teke då tunnelen stengde ved eit anna høve.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Tunnelen stengjer automatisk når det vert observert folk i tunnelen, rett og slett for at dei ikkje skal bli påkøyrde, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme.

Det var like før klokka 16.30 at tunnelen vart stengd, etter at Vegvesenet hadde oppdaga folk som gjekk til fots i tunnelen.

– Då politiet kom til staden, fekk vi forklart at dei leitte etter kattar, som dei hadde grunn til å tru var i tunnelen. Men uansett grunn så er det ulovleg å gå til fots i ein tunnel. Dette er også skilta, seier Holme.

Vurderer politimelding

Så vidt ho kjenner til, skal personane som leitte etter kattar, ikkje ha funne nokon. Holme understrekar at politiet ser alvorleg på episoden.

– Det vil bli teke ei vurdering på om hendinga skal politimeldast, seier Holme.

Natt til laurdag vart det observert minst to kattungar i Naustdalstunnelen, ifølgje firda.no. Tunnelen vart då gjennomsøkt utan hell av politiet. Dagen etter vart ein kattunge funnen ved enden av tunnelen.