NRK Meny
Normal

Kattar slit i kulda

Ei auke i heimlause kattar med frostskadar, førar til sprengt kapasitet for Dyrebeskyttelsen i fylket.

Dyrlege Hanne Husebø Kristensen undersøkjer ein katt.

FROSTSKADAR: Dyrlege Hanne Husebø Kristensen har undersøkt fleire kattar med frostskadar gjennom åra.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Vi får inn ekstra mange meldingar om kattar som treng hjelp i denne kalde perioden, og tek stort sett inn ein katt om dagen.

Det fortel nestleiar for Dyrebeskyttelsen Norge, avdeling Sogn og Fjordane, Bjørg Bjørgum, om situasjonen dei no opplever.

Prekær situasjon

Nestleiar for Dyrebeskyttelsen Norge, Sogn og Fjordane

VANSKELEG SITUASJON: Nestleiar Bjørg Bjørgum og resten av Dyrebeskyttelsen Norge, avdeling Sogn og Fjordane, slit med å skaffe nok heimar til kattar ute i kulda.

Foto: Privatfoto

Med daglege meldingar om heimlause kattar, opplever Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane vanskar med å plassere kattane, både mellombels og fast.

For oss er situasjonen prekær med mangel på heimar vi kan plassere kattane i, og ikkje minst for kattane sin del, som slit ute i kulda, seier Bjørgum.

Ei auke i førespurnader har ført til at Dyrebeskyttelsen i fylket har sett seg nøydde til å opprette ein ekstra vakttelefon for å ta unna alle tips.

Les også: Nå dør pus

Redda frå minusgrader

Heimlaus katt i kulda

FEKK KOMME INN FRÅ KULDA: Katten gjekk lenge rundt på Kronborg i Førde i minusgrader.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

På Kronborg i Førde gjekk ein katt ute i dagevis, medan det var over 10 minusgrader. Oddfrid Nedrebø tykte synd om katten og ringde Dyrebeskyttelsen.

Katten kunne jo ikkje gå ute og fryse i kulda. Det er jo dyreplageri. Den fekk komme inn og eg gav den mat, seier Nedrebø.

Enda på visa var at katten får bu fast på Kronborg.

– Katten får lapskaus ein gong i veka, så no byrjar den å bli kresen på mat, fortel Nedrebø.

Les også: Pass på pus i kulda

– Kattar likar ikkje kulde

Dyrlege Hanne Husebø Kristensen ved Flora Dyreklinikk opplyser om at folk flest ikkje er klar over at kattar opphavleg er ørkendyr.

– Kattar likar ikkje kulde, og dei er ikkje spesielt godt utstyrt for å tole det heller. Ved kulde er det veldig viktig for alle kattar at dei har godt ly, og at ein ikkje tvingar katten til å vere ute.

Dyrlege Hanne Husebø Kristensen

PASS PÅ: Dyrlege Hanne Husebø Kristensen meiner du ikkje skal tvinge katten din til å vere ute i kulda.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

På Dyreklinikken i Florø har dei gjennom åra fått inn mange kattar med frostskadar. For kattar som går for lenge ute når det er minusgrader, kan det fort få alvorlege konsekvensar.

– Frostskadar ser vi mest av på øyra til kattar. Vevet på øyra kan døy, og i verste fall fell øyra av, fortel Husebø Kristensen.

Les også: Kulda kan bli kat(t)astrofal

Mildvêr hjelper ikkje på

Trass i ein mildare vêrtype framover, vil ikkje dette hjelpe på situasjonen for heimlause kattar.

– Kattane vil lettare finne vatn og få i seg væske, men etter denne kuldeperioden vil kattane vere såpass tappa for krefter at den vil ha det like vanskeleg, meiner nestleiaren for Dyrebeskyttelsen i fylket, Bjørg Bjørgum.

Utan ly og med våt pels, ser nestleiaren mørkt på livet til heimlause kattar.

– Katten har ikkje vasstett pels og han blir våt i skinnet. Om katten då ikkje har noko ly, så vil situasjonen vere dramatisk, avsluttar Bjørgum.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast