Hopp til innhold

«Mjau! Er dette bybussen?»

– Eg var mest redd for at han skulle spørje om grupperabatt og at det plutseleg hadde aula inn med kattungar, seier flybussjåfør Helge Madsen.

Katt vurderte å reise med flybussen i Førde.

ARTIG: – Han kom så roleg opp trappa, skikkeleg nysgjerrig, men samstundes litt forsiktig. Det var ei artig oppleving på ein søndag, seier Helge Madsen om katten som søndag vurderte å bli med han på flybussen.

Foto: Helge Madsen

Då Helge Madsen skulle til Førde lufthamn Bringeland på søndag, steig ein passasjer utanom det vanlege inn i bussen i Vieåsen.

Idet sjåføren opna døra, reiste den firbeinte seg frå busskuret, og steg roleg inn i bussen.

Helge Madsen

BUSSJÅFØR: – Det var ei artig oppleving på ein søndag, seier Helge Madsen om den firbeinte som i 17.30-tida søndag verka veldig interessert i å vere med flybussen.

Foto: Privat

– Han gjekk så forsiktig opp trappa og stod å såg på meg. Då eg spurte etter studentbevis, kika han litt til på meg, så gjekk han ut att og sette seg i busskuret att, fortel Madsen.

For dyr busstur?

Madsen meiner heile seansen tok eit par minuttar. I alle fall lenge nok til at han fekk foreviga hendinga med mobilen. Biletet vart først publisert på Kringom sine Facebook-sider.

Det var ingen andre passasjerar, verken på bussen eller ved busstoppet.

Om den firbeinte krabaten innsåg at flybillettane låg att heime eller at bussen var i dyraste laget for søndagsturen, er uvisst. For det var nok av ledige sete i bussen.

Eit anna alternativ kan vere at pus eigentleg skulle til Bulandet, der det siste månadane er oppdaga mus i hopetal.

I alle høve verka det som om katten venta på ein buss.

– Kanskje han venta på ei rimelegare rute? Reiser ein lokalt, er bybussen rimelegare enn flybussen. Frå Vieåsen til sentrum er det kring halve prisen, seier Madsen.

Ikkje katt på billettmaskina

Bussjåføren forsikrar at katten ikkje hadde fått blitt med verken til Førde sentrum – eller til flyplassen, om den hadde prøvd seg aldri så mykje bakover i den nyvaska bussen.

– Det hadde nok gått greitt å få han ut. Han såg så snill ut der han kom så roleg og forsiktig opp trappa, fortel Madsen.

Gjennom sine vel fem år som bussjåfør har Madsen aldri opplevd noko liknande. Stort sett har han køyrt ekspressbussen til Oslo, men siste åra har det gått i lokale ruter i Sunnfjord.

– Hundar er ganske vanleg, men vi har ikkje katt liggande inne på billettmaskina, for å seie det slik, humrar han.