Katt gjekk rundt med to luftgeværkuler i hovudet

Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane fekk tysdag inn ein katt med tre luftgeværkuler i kroppen.

Skadeskoten katt

SKOTEN MED LUFTGEVÆR: Røntgenbiletet syner dei to luftgeværkulene katten hadde i hovudet.

Foto: Veterinærkontoret i Førde

– Det var ein familie som fann katten på Byrkjelo, seier Bettina Astor som er fylkesleiar Dyrebeskyttelsen.

Katten har vore til dyrlækjar i Førde, der det vart funne tre luftgeværkuler, to i hovudet, og eitt i eine foten. Såra var grodde, så mykje tyder på at katten har gått med kulene i kroppen lenge.

– Dette har vore smertefullt for katten, og den har og utvikla store infeksjonar i såra, seier Astor. Etter alt å døme hadde den kome til å dauda etter langvarige lidingar om den ikkje hadde blitt funnen og teken hand om i dag.

Melder saka til politiet

skadeskoten katt

STORE PLAGER: Katten har gått så lenge med skota i kroppen at såra er blitt betente.

Foto: Dyrebeskyttelsen

– Dette er ikkje anna enn ei grotesk handling mot eit forsvarslaust dyr, seier Astor.

Saman med Veterinærkontoret i Førde kjem ho onsdag til å melde saka til politiet.

– Vi veit ikkje kva som har skjedd med katten, men det vi veit det er at dette er skot frå eit luftgevær som overhovudet ikkje er eigna til å avlive dyr med.

Andre gong i år

Dette er andre gong i år at Dyrbeskyttelsen i fylket kjem bort i slike saker.

– Det er ein aukande tendens over heile landet, ei skremmande utvikling. Berre i vårt fylke er det under 10 månader sidan vi førre gong melde ei tilsvarande sak i samarbeid med Flora Dyreklinikk.

Ho ber folk vere merksame på slikt faktisk kan skje i eige nabolag, og vere flinke til å melde frå.

Skadeskoten katt

ETTERLYSER EIGAR: Katten var funnen på Byrkjelo og Dyrebeskyttelsen etterlyser eigaren.

Foto: Dyrebeskyttelsen

– Vi har alle hjelpeplikt. Dersom nokon har observert noko er vi særs interesserte i relevante opplysningar. Dyrebeskyttelsen etterlyser og eigar av katten, og ønskjer å rette ein takk til familien som tok katten med til Dyrebeskyttelsen, og dermed berga den.