Katrin (24) drepen av steinsprang

Det var den 24 år gamle Katrin Lerum frå Sogndal som tysdag morgon omkom etter at bilen hennar vart treft av stein ved Fatlaberget mellom Leikanger og Sogndal.

Livet til kvinna i 20-åra stod ikkje til å redde.
Foto: Arve Uglum / NRK

Her skjedde rasulukka

Dramatisk:  Pendlarar på riksveg 55 i sjokk

Politiet fekk melding om steinspranget klokka 08.15 tysdag morgon. Raset skjedde i eit område på riksveg 55 der det neste år kjem tunnel.

Reportasje: Omkom i steinsprang

Tunnel om eitt år

Steinen gjekk gjennom frontruta på bilen til kvinna.
Foto: Arve Uglum / NRK

Den omkomne var på veg til Leikanger på jobb då bilen vart treft av stein. Fleire mindre steinar skal ha kome ned i frå fjellsida. Ein av desse gjekk gjennom frontruta på bilen til kvinna. Bilen skal ha halde fram 200-300 meter etter at den vart treft av steinen. Kvinna køyrde i retning Leikanger då ulukka skjedde.

- Steinane var på storleik med fotballar. Ein av desse har truleg gått gjennom frontruta på bilen, fortel eit augevitne til NRK Sogn og Fjordane.

Vegen er open

Kvinne omkom då stein trefte bilen hennar i Fatlaberget.
Foto: Arve Uglum / NRK

Ambulansepersonell kom tidleg til staden, men livet til kvinna stod ikkje til å redde. Like før klokka 09 stadfesta politiet at kvinna omkom av skadane.

Riksveg 55 vart stengd etter ulukka. Ein geolog var oppe i helikopter og synfarte rasstaden i føremiddag. Vegen vart opna igjen i halv eitt-tida. Les: Riksveg 55 er opna igjen

Fekk stein i fanget

Fatlaberget er ein svært rasutsett stad på riksveg 55 langs Sognefjorden og det er ikkje lenge sidan det sist var personskade der. I februar vart ein Mesta-arbeidar skadd då han fekk ein stein i ryggen under sikring av den aktuelle strekka.

I februar vart fleire bilar trefte av stein og is i Fatlaberget. Mellom desse var lastebilsjåfør Øyvind Slinde som slapp med skrekken då ein stein kom inn sideruta og landa i fanget hans.