Hopp til innhold

Brakval for Gunnvor Sunde i Gloppen

Ap-utbrytar Gunnvor Sunde sitt nye parti Samfunnsdemokratane har gjort eit brakval i Gloppen, og ligg an til fire mandat. Ho ligg og an til plass i det nye fylkestinget.

Gunnvor Sunde

SUNDESJOKK: Gunnvor Sunde (i midten) studerer resultata frå Gloppen nøye.

Foto: Oddleif Løset / NRK

På førehand var det nye partiet Samfunnsdemokratane, som stilte liste i Gloppen og til fylkestingsvalet, dømd nord og ned.

Stor jubel

No gliser Gunnvor Sunde breiare enn nokon på valvaken på Sunnfjord Hotell i Førde.

– Vi har fire i kommunestyret i Gloppen, og førebels ligg eg inne på fylkestinget. Dette er berre heilt fantastisk, jubla Sunde og tok i mot klemmar frå både politiske vener og tidlegare fiendar.

– Vi opplevde i dag at dei gjekk tom for vallistene våre, og eg måtte sjølv ut og få fylt på lister. Dette er ein heilt rå kveld, seier Sunde.

Katastrofe for Sp

For Senterpartiet derimot er valet i Gloppen eit katastrofeval. Partiet til sitjande ordførar Anders Ryssdal har gått attende med heile 13,6 prosent sidan sist lokalval. Høgre har gått fram 10 prosent, medan partiet til Gunnvor Sunde ligg førebels an til heile 13,3 prosent av røystene.

Fylkesleiar i Senterpartiet, Karen Marie Hjelmeseter, tek valresultatet i Gloppen til etteretning.

– Gloppen er framleis ein viktig kommune for oss, vi er framleis store i den kommunen. Det er alltid trist når vi går tilbake, og vi må no gå inn og analysere kva som er årsaka, seier Hjelmeseter.

Kan kjempe om posisjonar

Med sitt brakval, ligg Gunnvor Sunde godt an til å kunne forhandle om posisjonar i Gloppen.

– Førebels har vi ikkje ofra det ein tanke, no skal vi berre nyte dette resultatet og juble for alle velgarane våre, seier ei svært glad Sunde.