NRK Meny
Normal

Katastrofemåling for Ap i Eid

Dei raudgrøne partia ligg an til å gjere eit katastrofalt dårleg val i sjukehuskommunen Eid.

Sonja Edvardsen

AP DEN STORE TAPAREN: Meiningsmålinga er dyster for ordførar Sonja Edvardsen og Arbeidarpartiet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ei meiningsmåling lokalavisa Fjordabladet har fått gjort av Norfakta Markedsanalyse, syner at Arbeidarpartiet ville nærmast blitt utradert. Dei fell frå 26,5 prosent til 6,2.

– Dersom denne målinga hadde vore val ville det vore ein katastrofe for Eid Ap, seier leiar i partiet Siri Sandvik til avisa.

Venstre er vinnar

Gunvald Ludvigsen (V)

DEN STORE VINNAREN: Det er Venstre og Gundvald Ludvigsen som har gjort det best i meiningsmålinga.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Senterpartiet blir nærmast halvert frå 22,6 til 13,5. Den store vinnaren er Venstre som går 12,1 prosent ved sist kommune val, til 29,0 på meiningsmålinga. I dag har dei tre i kommunestyret. Dei ville fått åtte dersom dette vart resultatet ved valet.

– Det er svært gledeleg at vi har fått ei så god måling. Dette er ei historisk oppslutnad og ny rekord for partiet, seier Gunvald Ludvigsen som er leiar i Eid Venstre til avisa.

Tilfeldig dag

Redaktør Tormod Flatebø i Fjordabladet seier at målinga blei gjort fredag 1. april og har ein feilmargin på 4,5 prosent. Han seier det var tilfeldig at den fall saman med dagen då helseministeren kom med sjukehusvedtaket som kutta fødeavdelinga og ortopedien ved Nordfjord sjukehus.

Bysta av Hans Chr. Wennevold ved Nordfjord sjukehus

MISTAR FØDEN OG ORTOPEDIEN: Den raud-grøne regjeringa gjorde fredag sjukehusvedtaket. Dette merkast på meiningsmålinga, seier Tormod Flatabø.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Men eg trur at Arbeidarpartiet og delvis Senterpartiet, ville komme dårleg ut på ei måling sjølv om den hadde vore teken før denne nyheita kom, seier han til NRK.no.

Han seier at Ap tidleg i prosessen hadde problem med å få folk til å stille på lister.

– For meg er det overraskande at Sp gjer det såpass dårleg. Det var jo ikkje før dagen etterpå at folk snakka om at Liv Signe Navarsete hadde ordna for seg sjølv i sin kommune Lærdal.

– Kor truverdig er denne meiningsmålinga?

– Det er faktisk eit stort utval som er spurde. 400 er spurde i ein kommune med knappe 6000 innbyggjarar, så den er representativ.

Raud-grøne taparar

Også Høgre gjer det bra på meiningsmålinga som avisa presenterer.

– Det er ikkje overraskande. Dei gjorde ei brukbart val i Eid i 2007 med 20 prosent og seks representantar. No får dei 28 prosent på målinga, noko som ville gitt åtte i kommunestyret.

Flatabø seier det er ingen tvil om at dei raudgrøne er dei store taparane.

– Du tolkar dette som ei fortviling over det som har skjedd med sjukehuset og handlemåten til den raud-grøne regjerninga?

– Det er ingen tvil om det, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.