Hopp til innhold

Kastar seg inn i kampen for landets einaste fulløkologiske skule

Dei største jordbruksorganisasjonane i landet har kasta seg inn i kampen for å berge Sogn Jord- og hagebruksskule.

Sogn jord- og hagebruksskule

KJEMPAR FOR SKULEN: Organisasjonane Norsk Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukarlag og Økologisk Norge kastar seg no inn i kampen for å berge Sogn Jord- og hagebruksskule i Aurland.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skulen i Aurland er den einaste i landet med eit heilskapleg utdanningstilbod innan økologisk landbruk og er nok ein gong nedleggingstruga.

I Norsk Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukarlag og Økologisk Norge er dei alle uroa for at skulen skal forsvinne. Leiar i Økologisk Norge, Regine Andersen, håpar politikarane som skal avgjere skulen sin skjebne forstår kor viktig den er.

– Eg er veldig uroa, og eg trur det vil vere eit stort tap for oss, rett og slett, seier Andersen.

Truga av nedlegging – igjen

Sidan 1990-talet har Sogn Jord- og hagebruksskule vore nedleggingstruga tallause gonger.

Skulen er den einaste i landet som tilbyr ei heilskapleg utdanning i økologisk landbruk på vidaregåande skule nivå, i tillegg til at skulen arrangerer ei rekkje kurs.

Kvart år vert 15 agronomar utdanna ved skulen, men no trengst det store beløp til rehabilitering av skulebygningane. Før sommaren skal fylkespolitikarane bestemme om dei vil bruke pengar på dette.

– Skulen burde heller vore styrka

Regine Andersen i Økologisk Norge seier økologisk landbruk er i vinden, og at skulen difor er viktig for heile landet.

– Det er no slik at økologisk landbruk er i ferd med å ta av. I fjor hadde vi ein vekst på 17 prosent, og veksten i år er venta å vere endå større.

– Det vil vere heilt feil veg å gå om ein vel å leggje ned skulen, tvert imot burde ein styrke den, seier Andersen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Noralv Distad og Sogn jord- og hagebruksskule

HAR TRUA: Ordførar Noralv Distad har tiltru til at politikarane ser kor viktig skulen er, ikkje berre for Sogn og Fjordane, men også for resten av landet.

Foto: Silje Immel Slettestøl

Ordføraren har trua

Skulen må rustast opp for rundt 40 millionar kroner i første omgang. Ordførar i Aurland Noralv Distad seier kampen for skulen har vore lang og hard, men han gir seg ikkje.

Distad sit også i hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane, og trur skulen vil overleve også denne gongen.

– Om ein berre har fokus på kor mange elevar det er frå Sogn og Fjordane, eller på driftsutgiftene, så kan ein kome fram til andre resultat.

– Men eg har tiltru til at alle som jobbar me denne saka har eit større perspektiv på skulen enn det, seier Distad til NRK.no.

Meiner skulen er viktig for heile landet

Andersen i Økologisk Norge er klar på at det er viktig for utviklinga av norsk landbruk at skulen får leve.

– Eg trur dette handlar om politisk vilje, og kanskje også om at ein ikkje ser betydninga av denne skulen for den økologiske delen av norsk landbruk.

– Dette gjeld ikkje berre Sogn og Fjordane, men heile landet, seier ho.