Hopp til innhold

Kastar seg i sjøen med 20 minus

Heilt sidan midten av 1990-talet har Rønnaug Moen isbada i fjorden ved Førde. Ho let seg ikkje stoppe av sprengkulda...

Video nsps_upload_2010_1_8_12_13_19_214.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

HARDHAUS: Medan vi andre helst sit inne framfor peisen, har Rønnaug Moen ingenting imot å kaste seg uti fjorden for å bade midt i januarkulda.

- Det er ikkje noko mål i seg sjølv. Men eg held det gåande heile året, og då må eg ta det som det kjem, seier Rønnaug Moen.

Kulda på land er tøffast

Den spreke kvinna står på stranda ved Erdal like utanfor Førde i Sogn og Fjordane. Her badar ho året rundt - men det er ikkje kvar dag kvikksølvet nærmar seg 20 minusgrader.

- Temperaturen i vatnet er ikkje noko problem. Utfordringa er kuldegradene på land, forklarer Moen.

NRK fekk bli med isbadaren på vinterens kaldaste dag så langt. Kalenderen viser januar - termometeret nesten 20 blå.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Isbading

BITANDE KLADT: Med 20 minus i lufta er det kaldt for nakne føter å ta seg ned til fjorden.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Må vere varm i kroppen

- Eg gruar meg ikkje, men kuttar berre slike tankar heilt ut. Eg må ikkje bli for kald for tidleg, og syter for at eg er god og varm i kroppen før eg går uti, seier Moen.

Medan NRKs reporter helst ikkje vil ta av seg vottane for å kjenne på badetemperaturen, kler Moen av seg ytterkleda og vassar uti i berre badedrakt og lue.

Etter nokre meter kastar ho seg uti vatnet og tek nokre symjetak.

... og så hastar det å få på klede

Vel oppe hastar det med å få på seg varme klede.

- Det var godt å komme seg ned i vatnet. Det er mildare klima der enn på land, seier Moen.

- No må eg berre på meg fillene.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.