Hopp til innhold

Nytt vegselskap kastar seg på i kampen om vegpengar

Lista over trengande vegar i fylket er lang, samtidig som pengesekken er liten. No melder eit nytt vegselskap seg på i kampen om pengar i fylket.

Olav Klungre (fremst) med resten av vegforkjemparane

KJEMPAR FOR VEGEN: Styreleiar Olav Klungre (fremst) og Midtvegen 615 AS kjempar for fylkesvegen mellom Florø og Sandane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Midtvegen 615 AS vil kjempe for pengar til utbetring på fylkesveg 615 mellom Florø og Sandane. Dei seier sjølv dei ramlar ned mellom alle stolar, men styreleiar Olav Klungre har likevel trua.

– Det langsiktige målet er å knyte saman midtre Nordfjord, midtre Sunnfjord og ytre Sunnfjord. Det vil seie å knyte saman Florø, Førde, Eid og Gloppen til eitt bu-, service- og arbeidsområde, seier han.

Har samla inn 300.000

Det er eit stort behov for bygging og opprusting av vegar i Sogn og Fjordane, men det er ikkje så mykje pengar å rutte med. Styreleiar Olav Klungre meldar seg inn i vegkampen, med eit prosjekt som har vore gløymt til no.

– Vi er midt mellom Kystvegen og E39 og midt mellom Sunnfjord og Nordfjord. Vi ramlar mellom fleire stolar og fann ut at dette må vi gjere noko med. Difor tok vi initiativ til å skipe eit vegselskap. Vi har samla inn pengar lokalt i Hyen og så gjekk vi vidare ut etter det.

Vegselskapet er eigd av privatpersonar, bedrifter og kommunane Gloppen og Flora og har 300.000 i kapital. Kor dyr vegen blir er uvisst.

– Vi ser på moglegheita for brukarfinansiering, men vi har ikkje konkrete tal. Vi meiner vi har ein god ide og eit godt prosjekt.

Ligg på sisteplass på marginallista

Fylkestinget er i ferd med å vedta sin regionale transportplan for dei neste 10 åra, men har knapt råd til å noko som helst. Foreløpig ligg Midtvegen inne på ein åttande og sisteplass på den såkalla marginallista.

Den er meir å rekne som ei ønskeliste, sidan ingen av vegane der er løyvd pengar. Leiar Arnstein Menes i det fylkeskommunale samferdselsutvalet ønskjer forkjemparane lukke til.

– Det er mange prosjekt som har stort behov for opprusting, og det er viktig at lokalbefolkninga engasjerer seg i dei vegane dei tykkjer er viktige.

– Men de slit med å skaffe pengar til andre vegar, treng ein fleire konkurrentar?

– Vi har store utfordringar med å skaffe pengar til dei vegprosjekta vi har rundt om i fylket. Men det kan ikkje vere til hinder for at folk kjempar for sine vegar.

David mot Goliat

Milliardprosjekta Førdepakken og 45-minuttsregionen har kriga seg inn på toppen veglista. Klungre er sjølv fylkespolitikar for KrF, og veit godt at konkurrentane er store.

– Det er ikkje alltid Goliat vinn over David, så vi må berre stå på. Det er ingen andre som bur midt mellom store regionsenter som Eid, Gloppen, Florø og Førde. Der er vi unike. Vi har ingen grunn til å skjemmast og vi står på, seier Klungre.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Fylkesveg 615 mellom Sandane og Storebru» i nytt vindu