Kasta seg i Sognefjorden – i midten av mars!

Ni studentar og vår reporter Aleksander Båtnes trassa dei kalde temperaturane og kasta seg i Sognfjorden.

Vi sendte direkte frå studentveka i Sogndal. Der kasta fleire seg i sjøen og bada - midt i mars månad.

INNSLAGET: Sjå korleis det gjekk då vår reporter bada med studentane i Sogndal.

– 3, 2, 1. Ååå. Ååh. Det er iskaldt. Og der var det badetiss. Vi søkk fort. No må eg sørge for å halde dei elektriske komponentane over vatnet, seier NRK sin reporter Aleksander Båtnes, medan han saman med studentar deltok på bading i Sognefjorden under Vekao i ettermiddag.

NRK Sogn og Fjordane sende direkte på radio og nett frå Meieriet i Sogndal under dagens ettermiddagssending, der bading var ei av aktivitetane som stod på programmet.

Sjå heile sendinga frå Meieret og intervjuet med Odd Nordstoga nedst i saka.

– Det er for å tøffa seg

Ivar Haukelidsæter er leiar i Sjøspretten i Sogndal og det var dei som stod bak ideen med å bade i fjorden.

– Vi er ein studentorganisasjon som til vanleg driv med sjøaktivitetar som bading og dykking. Men vi badar også ein gong i månaden gjennom heile året, seier Haukelidsæter.

– Kvifor gjer dokker dette her?

Det diskuterte vi istad, utan at vi kom til eit godt svar. Det er vel mest for å tøffa seg, seier han lattermildt.

Og på rad og rekkje stilte studentane seg opp, før dei gjekk arm-i-arm uti det iskalde vatnet.

Ni studentar og NRKs reporter kasta seg i Sognefjorden.

LANG LANG REKKE: Studentane gjekk arm-i-arm, for å sikre at ingen feiga ut på veg uti fjorden.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Vekao i Sogndal går frå 9.–19. mars og på programmet står fleire konsertar, skidag og andre aktivitetar.

Vi sendte direkte frå studentveka i Sogndal

SPELER KONSERT: Odd Nordstoga spelar konsert under Vekao i Sogndal. Høyr kva han sa i vår ettermiddagssending her.

Vi sendte direkte frå studenthuset Meieriet i Sogndal og Vekao. Sjå og høyre nye og gamle studentar - og sjølvaste Odd Nordstoga!

Her kan du sjå heile sendinga vår frå Meieriet i Sogndal.