Hopp til innhold

Butikkar kasta mat for fleire millionar etter straumbrota

Langvarig straumbrot førde til store problem for mange matforretningar i dei områda som vart hardast råka av orkanen Dagmar.

Coop Extra i Førde

MÅTTE KASTA OPPTINA MAT: Coop Vest har kasta mat for mange millionar kroner. Her frå Coop Extra i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Coop Vest har vore nøydde til å kaste mat for millionar, seier administrerande direktør Geir Espe. For med straumbrot i timesvis, var det ikkje anna å gjere.

– Vi har ikkje heilt oversikt over kor mykje vi har kasta varer for, men det er snakk om millionbeløp, seier han.

Ein av butikkane som har kasta mykje mat, er Domus på Sandane. Her måtte kjølevarer for nær ein halv million vekk frå hyllene.

– Trasig, men det var ingen annan utveg etter nær eitt døgn utan straum, fortalde butikksjef Martin Hamre.

Direktør Geir Espe trur butikkane vil få dekka det meste av tapet gjennom forsikringa.

– Det viktigaste for oss var å få vekk varer som hadde tina. Kundane skal vere trygge på at det som er i butikkane er trygge og nye varer. Eg trur dei same kjedene gjer det same. Vi tek ingen sjansar når det gjeld slikt.