Hopp til innhold

Kasta kokande vatn på kvinne – får saka opp i Høgsterett

Kvinna som i Gulating lagmannsrett i haust vart dømd til åtte månadar fengsel for å ha kasta kokande vatn i fjeset på ei anna kvinne, får saka si handsama i Høgsterett.

Det melder NTB.

Opphavleg freista kvinna å treffe ei anna kvinne, men trefte ei tredje kvinne med kokande vatn frå ein vasskokar. Den trefte kvinna fekk annangrads forbrenningar i fjeset og måtte sjukmeldast i lengre tid.

Episoden skjedde på eit kjøkken i ein tettstad i Sogn og Fjordane sommaren 2014, etter at den dømde og ei anna kvinne som ho hadde krangla med hadde vorte avskilte.

Skal sjå på lovbruken

Då saka kom opp i Sogn tingrett i januar i år, vart kvinna frifunnen, men dømd for forsøk på kroppskrenging. Denne dommen vart anka og Gulating lagmannsrett dømde kvinna til åte månader fengsel, tre av dei utan vilkår.

Kvinna anka dommen i lagmannsretten til Høgsterett, som no har konkludert med at dei kan handsame saka. Anka gjeld lovbruken under skuldspørsmålet og sakshandsaminga.

I lagmannsretten vart kvinna også dømd til å betale 40.000 kroner i oppreisingserstatning.