Hopp til innhold

Kasta jakka for ein god valkamp

LOEN (NRK) Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum kasta jakka og meinte halvparten av Norges befolkning eigentleg er samde med Senterpartiet sin politikk.

Trygve Slagsvold Vedum

KASTA JAKKA: Folk er samde med oss, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Våre verdiar er pressa på område etter område. Fleire ser det, og blir samde med oss. For det er ingen som vil kome på sjukeheim fleire timar unna heimen, sa partileiar Trygve Slagsvold Vedum då han møtte partivenner i Sogn og Fjordane Senterparti fredag.

Meiningsmålingar som seks månadar før valet syner at partiet kan gå mot sitt beste valresultat nokon gong, set sitt preg på fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane senterparti denne helga.

160 påmelde og godt over 200 deltakarar er tidenes rekord for fylkespartiet.

Med dette som bakgrunn kasta partileiar Trygve Slagsvold Vedum jakka under talen, med referanse til eit tidlegare radiointervju.

Sentralisering

– Eg trur regjeringa sjølv forstår at reformene deira er sentraliseringsreformer. Då er det uklokt å kalle det noko anna. Det hadde vore meir truverdig om dei sa at dei ville sentralisere politiet, i staden for å kalle det nærpolitireform.

– Det same med kommunereforma. Dei valde å kalle det ei demokratireform, og så ender det i tvangsbruk. Eg meiner det er regjeringa sin akilleshæl at dei seier det skal vere nært og demokratisk, og så opplever folk det motsette. Folk ser at det finst smådriftsfordelar, sa Slagsvold Vedum.

Trygve Slagsvold Vedum

MØTTE SINE EIGNE: Partileiar Trygve Slagsvold Vedum under fylkesårsmøte til Sogn og Fjordane Senterparti fredag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Samde med oss

Då hadde årsmøtedeltakarane lytta til optimistiske talar av fylkesleiar Sigurd Reksnes og stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om kva som kunne vere i vente om få månadar.

Mellom anna hadde fylkespartiet sitt mål om å få to representantar inn på Stortinget etter valet, blitt møtt med jubel og stor applaus.

– Det er ikkje gamaldags å tenke nærleik. Det er ikkje gamaldags å tenke distriktspolitikk. Det er ikkje gammaldags å tenke på menneske, sa Vedum.

– Sentralisering betyr byråkratisering. I større system forsvinn tilliten, som betyr at vi må ha meir kontroll og tilsyn. Difor betyr meir tenester lagt til den lokale kommunen, mindre byråkratisering og billigare drift, sa Slagsvold Vedum, som meinte dei fleste av folket i Norge eigentleg var samde med Senterpartiet.

– Folk er samd med oss, for det er ingen som vil kome på sjukeheim fleire timar unna heimen, sa Slagsvold Vedum.

Medvind

Med partiet i medvind, og eit fylke med låg arbeidsløyse og eit næringsliv som går godt, vart det lite misnøye å spore under generaldebatten.

Dei fleste fokuserte rundt reformiveren til den blåblå regjeringa. Mange tok det for gitt at Senterpartiet kom i regjering til hausten, og fokuserte på kva det burde resultere i av politikk.

– Det er lenge sidan vi har hatt så mykje vind i segla som no. Nokre seier vi er for tidleg i form. Men det er betre å vere tidleg i form enn aldri å kome i form, sa fylkesleiar Sigurd Reksnes frå talarstolen.

Sigurd Reksnes

I MEDVIND: Fylkesleiar Sigurd Reksnes.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

På spørsmål frå NRK trur han ikkje at Sp vil tape den gode oppslutninga i månadane fram mot målet.

– Eg trur vi er inne i eit grunnleggjande skifte. Folk ser det blir for mykje sentralisering og dei ynskjer ikkje å miste nærleiken til tenester. Sp har også tradisjonelt mobilisert på slutten av valkampar.

30 år

Liv Signe Navarsete trur partiet har tillit i distriktspolitikken. Stortingsrepresentanten trur vidare fokus på dette vil sørge for at oppslutninga held seg til stortingsvalet 11. september.

Liv Signe Navarsete

NY KURS: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi vil sikre tenester og arbeidsplassar der folket bur. I dag er regjeringa i ferd med å radere ut distriktspolitikken ifrå dei store sektorane. Vi vil setje ein anna kurs. Det betyr reversering av vedtak, det betyr nye tiltak, desentralisering, mellom anna utflytting av arbeidsplassar, seier Navarsete til NRK.

Navarsete varslar også at Sp vil sjå på inntektssystemet.

– Dagens system straffar dei mindre kommunane og er med å tvinge dei inn i samanslåingar dei eigenleg ikkje vil.

– Det er 30 år sidan eg starta i politikken. Endeleg kan eg gå til val der distriktspolitikken blir eit sentralt tema. Og det er fordi vi i dag har den mest sentralistiske regjeringa i norsk historie, meiner Navarsete.