Hopp til innhold

Kasta av mann i Florø

Politiet i Florø fekk i natt melding om at ein mann freista å snike seg om bord i Hurtigruteskipet MS «Nord-Norge», der NRK dei neste dagane sender verdas lenste tv-program direkte.

Hurtigrute-tur

PÅ TUR NORDOVER: MS «Nord-Norge». Arkivfoto

Foto: Håvard Karlsen

Då skipet klappa til kai i Florø i 02-tida natt til fredag sneik ein rusa mann i 40-åra seg om bord.

Mannskap på skipet oppdaga mannen som freista seg som "blindpassasjer", og og kontakta politiet.

– Mannskapa samla sjølv saman folk og fekk sett mannen i land, fortel operasjonsleiar Hans Petter Harlem ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Følg NRK si Hurtigruta minutt for minutt-sending på NRK 2 og NRK.no

Har runda Stad

Etter å ha vore i Florø og Måløy i natt, er MS «Nord-Norge» no på veg mot Ålesund.

– No har vi nett prosjekt Vestkapp og har akkurat passert fylkesgrensa til Møre og Romsdal, fortel NRK sin prosjektleiar om bord, Rune Møklebust litt før klokka 07 fredag morgon.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Konferanserommet på Hurtigruten

SENDER HEILE TUREN: Eit team på 22 NRK-tilsette sender heile den 134 timar båtturen direkte på NRK 2 og NRK.no.

Foto: NRK

– Fantastisk natt

Han seier kysten av Sogn og Fjordane viste seg frå si beste side i natt.

– Vi er 12 timar på veg og har brukt natta på kysten av Sogn og Fjordane. Det har vore fantastisk og ein draum så langt, seier den tidlegare redaksjonssjefen i NRK Sogn og Fjordane.

Møklebust trekk særleg fram Steinsundet i Solund, Alden og Kinnaklova som store opplevevingar frå det første halve døgnet om bord i Hurtigruten.