NRK Meny
Normal

Kasta av bussen - slo til førar

Mannen i 20-åra vart nekta å reise med ekspressbussen. Busspassasjeren svara med å slå til bussjåføren og la på sprang.

Sogndal sentrum sett frå Helgheim
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Hendinga fann stad i Sogndal i 22.30-tida søndag kveld. Føraren av bussen nekta mannen å bli med vidare på grunn av rus, og mannen svara med å slå føraren i halsen.

Gjerningsmannen, som er i 20-åra, sprang deretter frå staden. Ifølgje politiloggen vart ikkje føraren skadd, og kunne halde fram turen over Hemsedalsfjellet mot hovudstaden.

Mannen derimot er ein såkalla kjenning av politiet. Lovas lange arm opplyser at saka vil bli meldt og følgd opp måndag.