Hopp til innhold

Kasta antent kinaputt inn i lastebil

Kinaputtar er ikkje berre uskyldig moro. Det fekk ein sogning i 20-åra erfare.

Kinaputt starta lastebilbrann

BRANN: Det var natt til 15. mai i fjor at lastebilen byrja å brenne i Øvre Årdal.

Foto: Truls Grane Sylvarnes / Porten.no

Mannen i 20-åra har godteke ei bot på 6 000 kroner etter at han 15. mai i år kasta ein antent kinaputt inn i ein førarhuset til ein lastebil.

Det gjekk som det måtte gå. Etter smellen byrja det å brenne i førarhuset og det var lite brannvesenet kunne gjere då dei kom til staden. Då dei fekk kontroll på flammane og sløkt den, var førarhuset heilt utbrent.

Mannen erkjende raskt å stå bak brannen. No har politiet gjort seg heilt ferdige med saka og landa på ei bot på 6 000 kroner for brot på brann- og eksplosjonsvernlova.