Hopp til innhold

Sunnfjordmann må betale for skadane etter å ha kasta 20 kg tung stein mot bil

30-åringen må punge ut nær 33 000 kroner for skadane etter å ha gått amok på ein bil med planke og stein.

Fjordane tingrett

FJORDANE TINGRETT: Med planke og stein gjekk mannen laus på bilen med to karar som han allereie hadde vore i handgemeng sat.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Ein mann var i Fjordane tingrett tiltalt for tre brot på straffelova – for å ha brukt farleg reiskap å skade nokon og vald. Mannen vart også tiltalt for i rusa tilstand å ha oppført seg farleg.

Ein novemberkveld i 2014 skulle den 30-år gamle Sunnfjord-mannen hente ein kompis på ein fest i nabokommunen.

Det var allereie dårleg personkjemi mellom den tiltalte og nokre av dei andre festdeltakarane. Det medførte etter kvart handgemeng mellom tiltalte og minst to av festdeltakarane, der det skal ha enda med at ein vart slått.

Dette vart 30-åringen i retten frikjent for, i og med at retten fann det vanskeleg å feste lit til forklaringane til alle deltakarane som var meir eller mindre rusa.

Men bråket heldt fram utanfor huset. For tiltalte såg to av festdeltakarane i ein bil utanfor huset, og fann ein 70 – 80 cm lang planke. Med denne gjekk han mot bilen og slo deretter mot vindauget og stolpen mellom dørene.

30-åringen drog så sjåføren ut av bilen, men før han rakk å gjere noko meir hadde passasjeren, som han hadde vore i handgemeng tidlegare på kvelden, komme seg ut av bilen og tatt kvelartak på tiltalte slik at han svima av.

Tiltalte kvikna likevel til att såpass at han fekk raska med seg ein vel 20 kg tung stein som låg ved han. Den løfta han over hovudet og kasta steinen i sida på bilen så vindauget knuste og øydela utsida på bilen.

For dette dømmer Fjordane tingrett mannen til å dekke skadane bilføraren fekk på bilen sin – ei utgift på 32 973,19. Mannen vedgjekk erstatningsansvaret.