Hopp til innhold

Kartlegg rasfaren i Stryn

OLDEN (NRK) Stryn er ein av kommunane i landet som no skal få nye kart med oversikt over kvar det er rasfarleg. Fleire geologar er no i området for å samle kunnskap om kvar det går ras.

NVE driv no eit omfattande arbeid for å skaffe kommunane nye skredfarekart.
Rasfarlege område over heile landet skal undersøkast, og kartlegginga kan få følgjer for kor folk skal bu.
Vi skal møte ein sauebonde som trur ingen vil tora å bu på garden hans i framtida ...

Fotograf: Ole Andre Rekkedal

– Skred går ofte på dei same plassane, så det å få eit godt bilete av kvar det har gått skred tidlegare er viktig, når det skal gjerast farevurderingar, seier geolog Kari Sletten i Noregs Geologiske Undersøkingar.

Fem norske institusjonar har gått saman om eit bredt anlagt forskingsprosjekt om samanhengen mellom vêr, klima og skred. Hovudmålet med GeoExtreme er å seie noko om korleis skredfaren kjem til å endre seg dei neste 50 åra som følge av endringar i klimaet.

Store endringar

– Vi ser ei stor forandring samanlikna med korleis det var i gamle dagar, seier bonde Bjarne Magnar Sunde.

Fram til november 2013 trudde han at han budde trygt under dei bratte fjellsidene på Yrineset i Oldedalen. I dag fortel eit 150 meter breitt og 400 meter langt sår i fjellsida at garden med røter heilt tilbake til 1700-talet slett ikkje ligg trygt.

– Det var i grunne godt at ein ikkje såg det då det skjedde, for då var det så mørkt at vi ikkje kunne sjå noko som helst.

Bjarne Magnar Sunde

SKRED GJORDE STOR SKADE: Bonde Bjarne Magnar Sunde.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Sunde fortel han først trudde lydane kom frå elva, der hadde gått fleire rast tidlegare på kvelden. Han hadde lagt seg, men ved midnatt høyrde han ein smell i veggen. Det var ein liten stein som hadde treft takrenna. Det var førevarselet for det som skulle kome

– Plutseleg var det ein øyredøyvande lyd, det var som eit kraftig jordskjelv og huset stod nesten på halv åtte.

Men fram til den novemberdagen for to år sidan hadde han rekna garden sin som ein trygg plass å bu

– Vi var vane med at det kunne stikke ut småskred i bakkane her, men at det skulle skje noko slikt, det var det ingen som kunne førestille seg, seier Sunde.

Created by InfoDispatcher

Fotograf: Gro Ravnestad

Møysomeleg arbeid

Tilbake i Oldedalen seer geolog kari sletten ut over ei stor skredvifte.

– Den jobben vi gjer no er tidkrevjande, men heilt naudsynt, seier Sletten

Geologane skal gjere sine vurderingar i år og laga ferdig karta, slik at dei er klare til neste sesong.

– Då er det NVE som har styringa på resten, med sjølve farevurderinga.

Først om to til tre år vil dei nye karta vere klare.