Hopp til innhold

Kartlagt brannårsak i Årdal

Brannen i Årdal var ikkje påsett, og det er heller ikkje funne elektriske feil, opplyser politiet.

Brannskader i Årdal

KARTLAGT: Årsaka til at det byrja å brenne i eit burettslag i Øvre Årdal er truleg så klar som den kan bli.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

– Vi ser bort frå elektriske feil og vi har ikkje mistanke om at brannen var påsett. Det seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Det er truleg det nærmaste ein kjem å kartlegge brannårsaka etter at seks personar vart evakuerte då det byrja å brenne i eit burettslag i Øvre Årdal seint måndag kveld. Kommunen har jobba i etterkant med å finne mellombelse løysingar for bebuarane i burettslaget.

Brannskader i Årdal

STORE SKADER: Politiet ser bort frå at brannen var påsett.

Foto: Siren B. Svortevik

Ventar framleis på rapport

– Vi har framleis nokre detaljar i undersøkinga som står att. Og vi skal få den endelege rapporten frå kriminalteknikarane, seier Knudsen.

Måndag kveld fekk politiet melding om brann i eit burettslag som fungerer som eit bufellesskap for ein del brukarar av kommunane sine tenester klokka 22.28. Allereie fem minutt etter var første kommandobil på staden og alle dei seks bebuarane vart evakuerte etter eitt minutt.

– Eg trur dette er det nærmaste vi kjem å finne brannårsaka, men detaljane kan jo kanskje seie noko meir, seier lensmannen.

Lensmannen er fornøgd og rosar bebuarane for måten dei har takla brannen på, og at dei no ein periode må ha mellombels husvære.

– Dei har takla det svært godt. Dei er positive og ser lyst på det, seier Knudsen.

Branntomt i Årdal

TOTALSKADD: Ei av leilegheitene vart totalskadd i brannen.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen