Hopp til innhold

Kårstad Transport AS er konkurs

Knappe sju månader ettet at Kårstad Transport AS gjekk konkurs første gong, har eigarane på ny måtte gje dei tilsette den tunge beskjeden. – Eit nederlag, seier styreleiaren.

Kårstad Transport AS

MISSER JOBBEN: 62 tilsette står utan arbeid etter konkursen i Kårstad Transport AS.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Styreleiar Dag-Jøran Hjelmeland i Kårstad Transport AS stadfestar måndag ettermiddag at dei har opna konkurs i buet. Han seier til NRK at det opplevast som eit nederlag.

– Vi har ikkje vore flinke nok, så vi har ikkje klart å tene pengar. Det er eit stort nederlag å måtte gje seg, og eg er ikkje stolt over det som har skjedd, seier Hjelmeland til NRK.no.

– Vi visste at det var stor risiko då vi starta opp att, men det er likevel skuffande å gje seg.

Totalt er det 62 tilsette som misser jobben etter at verksemda i Gaular melde oppbod ved 15-tida, skriv Firda.no.

Råkar dei tilsette hardast

– Det har vore tøft for dei tilsette under heile prosessen, og dei er heilt klart prega av det. Samtidig vil eg seie at dei har teke det bra, seier Hjelmeland til NRK.no

Han er klar på at det er dei tilsette som er dei største taparane i saka.

– Heldigvis er det stor rift om gode sjåførar, så eg håpar at det blir lett for dei fleste å skaffe seg ny jobb.

Manglande betalingsevne

Hjelmeland forklarar at bakgrunnen for at dei har valt å melde oppbod er at dei manglar betalingsevne. Ved å sjølve gå vegen til Fjordane tingrett meiner han dei tek ansvar overfor kreditorar og bankar.

– Vi er ikkje teknisk konkurs, men vel å melde oppbod sjølve fordi vi ser at det går den vegen. Vi ville ikkje klart å betale rekningane våre etter kvart som dei forfell, seier Hjelmeland til Firda.no.

Firda.no skriv at selskapet skal ha ei samla gjeld på 13 millionar kroner, medan dei eksisterande verdiane er på maksimalt 12.999.999 kroner. Ved å slå seg sjølve konkurs meiner Hjelmeland at dei skal kunne klare å betale 70 % av kreditorane det dei skuldar.

Hjelmeland seier til NRK.no at det er godt at leverandørane deira kan få oppgjeret sitt.

– Vi var tidleg ute med konkursen, så det er framleis verdiar att i selskapet. Alle rekningar og lønningar har vore betalte frå dag ein, så vi har ikkje drive i minus, seier han til NRK.no.

Han understrekar at dei som måtte ha noko uteståande hos selskapet må kontakte banken for å få inn pengane.

– Det er definitivt slutt

Det er knappe sju månader sidan sist gong Kårstad Transport opna konkurs i Fjordane tingrett. Den 31. august i fjor måtte transportbedrifta i Gaular gje tapt mot tøffe tider i transportnæringa. Under ei veke etterpå starta verksemda opp att.

Hjelmeland er overfor Firda.no heilt klar på at dei ikkje vil gjere nok eit forsøk på å starte opp at verksemda.

– Nei, det kjem ikkje til å skje. Det ville vore galskap å starte på nytt endå ein gong. Det er definitivt slutt for Kårstad Transport, seier Hjelmeland til nettstaden.