Stian var soleklar publikumsfavoritt trass i at både verdas sterkaste mann, iranaren Hossein Reza Zadeh, framleis var sterkast, og russaren Andrei Chemerkin tok 2. plassen samanlagt i Stian Grimseth Cup i Førde i helga.
Men publikumstekke til trass. Det var smertefullt og lite moro å gjennomføre dei to siste støtforsøka, sjølv om naustedølen gjerne ville glede heimepublikummet.
Beste stemne nokon gang
Hossein Reza Zadeh fekk ikkje med seg 5000-dollar premien som arrangøren hadde lova for verdsrekord i Førdehuset. Men iranaren imponerte likevel med 455 kilo samanlagt. Beste nokon gong her i landet, seier ein imponert Stian Grimseth.
Resultat Stian Grimseth Cup:
Klasse +105 -
Hossein Reza Zadeh, Iran, 205 rykk / 250 støt.
Andrei Chermerkin, Russland, 185/240
Stian Grimseth 180/195
Klasse 105kg.
Geir Grønnevik 142,5/177,5
Klasse 77kg
Steinar Kvame 117,5/140