Karoline møtte veggen med eit brak – no er ho klar for ny meisterskap

Ho blei juniorverdsmeister to gonger, men møtte veggen fysisk og psykisk. No er supertalentet Karoline Erdal på veg opp att blant dei beste i verda.

Karoline Erdal i skisporet

NYE SPOR: Karoline Erdal har store ambisjonar for framtida som skiskyttar. No er ho klar for EM.

Foto: Michel van Balkum

I fleire år var ho blant dei beste juniorane i verda. Ho fekk gå verdscup og alt låg til rette for ei lysande karriere for skiskyttaren frå Førde.

Men hausten 2017 sa det bom stopp. Kroppen ville ikkje og jo meir ho trena, dess verre blei det.

– I starten var det tøft og vanskeleg mentalt. Jævlig kjipt rett og slett, sa Karoline til NRK i januar 2018.

Men mykje kvile og gradvis opptrapping av trening har no løfta Sunnfjord-jenta opp mange hakk. Denne veka kom nyheita om at ho er tatt ut til europameisterskapen i Minsk som startar 18. februar.

Får tøff konkurranse

– Kjempeartig og motiverande. Vegen tilbake har vore lang og ei tolmodsprøve utan like. Det å bli tatt ut til EM no er noko eg set veldig høgt etter sesongen i fjor., seier Erdal til NRK onsdag.

Men der kjem ho til å møte langt sterkare motstand enn det ho hadde trudd på førehand.

Det svenske landslaget droppa nemleg å reise til iskalde Canada og USA på verdscup, og satsar i staden på meisterskapen i Minsk. Blant dei er OL-meister Hanna Öberg.

– Fleire nasjonar stiller sterkt i EM, men det blir fint å få sjekka seg opp mot dei aller beste i verda. Det blir jo ekstra hardt, seier Erdal og smiler.

Storebror Bø stiller også

No takkar ho familie og støtteapparat som var der og hjelpte ho med å halde motivasjonen oppe når livet butta i mot.

– Eg har blitt sterkare og har ein annan mentalitet no enn då eg var junior. Eg føler sjølv at eg er sterkare.

I EM stiller også Tarjei Bø, som vil bruke «Europacup-meisterskapen» til å finpusse forma fram mot VM i Østersund i mars. Karoline Erdal får også med seg lagkamerat Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde.

Her er troppen til EM i skiskyting:

Menn:

Tarjei Bø, Markane IL
Sindre Pettersen, Nittedal SSL
Fredrik Gjesbakk, Bossmo & Ytteren IL
Håvard Gutubø Bogetveit, Førde IL
Tore Leren, Vingelen IL
Endre Strømsheim, Bærums Skiklubb

Kvinner:

Karoline Knotten, Vingrom IL
Karoline Erdal, Førde IL
Eline Grue, Kvikne IL
Jenny Enodd, Budal IL
Ragnhild Femsteinevik, Hålandsdal IL