Hopp til innhold

Karoline forsvarte NM-gullet

Karoline Erdal frå Førde sprang tysdag inn til NM-gull i Skogsløp under Landsskyttarstemnet på Voss. Nett som ho gjorde i fjor.

Karoline Erdal

TOPPA: Karoline Erdal (i midten) toppa måndagens sterke fjerdeplass i feltskytinga, med NM-gull i Skogsløp.

Foto: Janne Njøs

Erdal konkurrerer i klassa eldre rekrutt, og la grunnlaget for NM-gullet la 14-åringen i måndagens innleiande runde i feltskyting med fullt hus.

Det gav Karoline Erdal ein tidleg start i tysdagens finale i Skogsløp. Ein finale der førdejenta like godt knuste konkurrentane.

– Eg hadde 30 treff, så eg kjende meg vel eigentleg sikker på at eg kom til å vinne, vedgår Erdal.

Hengde på gutane

14-åringen frå Førde parkerte like godt konkurrentane frå første steg etter start. I mål hadde Erdal over tre minuttar å gå på i høve til sølvmedaljevinnar Lise Sundli (Soknedal).

Nora Benjaminsen (Dverberg) tok bronsen. Johanna Reksten (Nordbygda) og Benedikte Oppedal (Oppedal/Brekke) vart høvesvis nummer fem og seks av dei 12 startande i klassa.

– Det vart tungt i løypa i dag, så eg måtte slite. Eg prøvde å dra på frå start og hengde meg på dei beste gutane. Så kom juniorane og eg prøvde å henge på dei også, men måtte sleppe etterkvart, vedgår ho.

Sikta mot gullet

Erdal som debuterte i landsskyttarstemnesamanheng på heimebane i 2008, vann same disiplin under landsskyttarstemnet i fjor. Skogsløpet med skyting var hennar siste øving under årets landsskyttarstemnet på Voss.

Under baneskytinga skaut ho først 250 poeng, men etter 98 poeng på omgangen er ho usikker på kva plassering ho fekk. Måndag vart det ein sterk fjerdeplass i feltskytinga.

– Eg er veldig nøgd med landsskyttarstemnet. Eg hadde ikkje trena mykje skyting før vi reiste, men visste at eg kunne skyte bra på ein god dag. Det var gullet i Skogsløpet eg sikta meg inn på, fortel ho.

Bronse til Sogndal

Også Lars Ove Dulsvik fekk medalje under dagens Skogsløp. Sogndølen var berre fire sekund frå sølvvinnar Sivert Sve (Stranda) då han sprang i mål til tida 14.21 i rekruttklassa.

Sigrande Kristen Mikkelsplass frå Bromma var det lite dei kunne gjere noko med. Brommaskyttaren fullførde løpet med klart best løpstid, og sjølv med 30 sekund tilleggstid etter skytinga vann han med over minuttet.

Eskil Skjulhaug Yttri (Leikanger) vart nummer fire i konkurransen. Fjerdeplass vart det også på Torleiv Jr. Straume (Hyen) i klassa eldre rekrutt.

Lasse Virkesdal frå Nyborg skyttarlag i Gulen skaffa Sogn og Fjordane endå ein medalje. Han fekk bronse i klassen eldre rekrutt, gutar.