Hopp til innhold

Karoline frå NRK Sogn og Fjordane står bak super-suksessen «Til Dovre faller»

Over 1,2 millionar har hittil sett musikkvideoen «Til Dovre faller» frå NRK Super med dansande og syngande born. Bak det heile står Karoline Eikenæs Berge frå NRK Sogn og Fjordane.

Karoline Eikenæs Berge

KOREOGRAF: Karoline Eikenæs Berge jobbar til vanleg for NRK i Førde. No i mai har ho stått bak koreografien til 112 born i supersuksessen «Til Dovre fell».

Foto: Torgrim Grimstad / NRK

– Det heile starta nokre veker før då eg blei ringt opp og spurt om eg kunne ha koreografien på ein musikkvideo. Den blei etter kvart ein hit, og det var veldig overraskande og veldig kjekt, fortel Karoline, som vanlegvis jobbar med TV-serien «Klart eg kan» i Førde.

Musikkvideoen med 112 dansande, syngande og rappande ungar har gått som ein farsott, ikkje minst på heimesidene til NRK Super.

Under den direktesende festframsyninga frå Eidsvold 17. mai, var live-framføringa av «Til Dovre faller» ein av hovudattraksjonane.

Karoline Eikenæs Berge er frå Oslo, men har dei siste åra budd og jobba for NRK Sogn og Fjordane i Førde. Men grunnen til at ho blei spurt om å vere ansvarleg for framføringa er ein heilt annan.

Utdanna i Danmark

– Eg er utdanna dansar frå København, særleg innan hiphop, så det var det eg prøvde å få inn i denne historiske musikkvideoen. Den blei ein kombinasjon av fine drakter, historie, blanda med litt ungdommeleg og moderne hiphop-dans, seier ho til NRK.no

I skrivande stund er videoen sett over 1,2 millionar gonger, og har ikkje minst fenga andre born over heile landet.

– Det er jo heilt fantastisk. Det er jo mange som er involvert i ein slik produksjon som dette. Vi er nok både litt overraska og overvelda. Vi synest jo dette er stas, smiler Karoline.

1814-jubilèet

Måtte ta mange omsyn

112 barn inne i rikssalen kledd i uniformer og drakter frå den tida var litt av ei utfordring for produksjonsteamet frå NRK.

– I tre dagar var vi der og spelte inn denne musikkvideoen. Vi måtte ha på posetøfler alle saman, og alt utstyret vi hadde med oss måtte ha tennisballar under, slik at vi ikkje laga nokre skrammer på desse nymåla golva. Det var ein del omsyn å ta som ein vanlegvis ikkje må gjere i ein slik produksjon.

Gode tilbakemeldingar

Reaksjonane har berre vore positive etter at videoen og TV-framsyninga var ute blant folk flest, sjølv om dei musikalsk "tuklar" litt med tradisjonar og nasjonalsong.

– Eg har ikkje fått nokon negative tilbakemeldingar. Heller tvert om, det er jo vi glade for. Vi dansa for tre kongehus på 17. mai, og vi var jo veldig spente på korleis dei skulle reagere på songen, seier koreografen med adresse i Førde.

Bakomfilm til musikkvideoen Til Dovre faller - 1814-jubileet
Grunnlovsjubilèet