NRK Meny
Normal

Tilbake som juniorløpar etter verdscupnedtur

Med ein 83. og ein 99.-plass vart ikkje verdscupdebuten som Karoline Erdal hadde håpa på. – No blir det fullt fokus som junior og sesongens store mål, seier skiskyttaren frå Førde.

Sesongstart skiskyting 2016 på Sjusjøen.

IRRITERT: 13 bom på to konkurransar er ikkje vanleg for Karoline Erdal. – Det er det som irriterer meg mest, seier ho etter verdscupdebuten i Östersund.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

For framover står verken IBU eller verdscup høgt på lista over renn Førde-jenta skal gå.

No er det mindre renn, samt Norgescupen over nyttår som tel for å nå sesongens store mål: junior-VM i Ostrov 22. februar til 1. mars.

– Eg og landslagsleiinga har snakka litt om det, og vi er samde om at eg no skal fokusere på junior-sesongen og mot junior-VM. Så får vi sjå kva som skjer, seier Karoline Erdal.

– Ikkje avskrekkande

– Men eg håpar at eg ved eit seinare høve får sjansen att i verdscupen. Eg vart mange erfaringar og opplevingar rikare. Og det var ikkje avskrekkande, legg 18-åringen til.

For det er juniorløpar ho er. Sjansen til å måle krefter i verdscupsirkuset kom langt tidlegare enn ho sjølv hadde både håpa på og drøymt om. Takka vere ein knallsterk start på sesongen.

– Det er mange gode og erfarne løparar, som har meir ro enn oss debutantar. Dei er vande med å gå verdscup, og vande med å kjenne og takle presset frå ytre faktorar, seier ho.

Alt for dårleg skyting

Debuten som verdscupløpar resulterte i ein 83.-plass på 15 kilometeren torsdag. Laurdag vart det 99.-plass på sprinten, og berre fire konkurrentar bak seg på resultatlist. Plasseringa bryr 18-åringen seg fint lite om.

For ein skiskyttar som plar levere på standplass, er det verre med 13 bomskot.

– I dag vart det fem. Det er alt for dårleg i slikt selskap. Eg vart passiv og fann ikkje rytmen. Då blir avtrekka dårlege. Det irriterer meg mest, seier ho

– Men eg veit at eg kan så mykje betre. Då er det kjedeleg å ikkje få vise det fram når eg får sjansen, legg ho til.

Vil ikkje forhaste seg

Erdal sa før meisterskapen at ho såg fram til å prøve seg i nye situasjonar. Det fekk ho til det fulle oppleve i Östersund. Verken Noregscupen eller Junior-meisterskap kan måle seg med viraken rundt eit verdscuprenn.

No vil ho bruke tida til å bli ein så god juniorløpar som mogleg.

– Eg har fått mykje erfaring som eg kan vekse på og dra nytte av som juniorløpar. For meg handlar det om å ikkje forhaste seg opp i klassane. Før eller seinare blir eg seniorløpar uansett, seier ho.