Hopp til innhold

Karl Seglem er årets artist frå Sogn og Fjordane

Årdølen, jazzmusikaren og verdsmusikaren Karl Seglem vart fredag kveld tildelt Luttprisen – årets artist frå Sogn og Fjordane. Det skjedde under Kringkastingsorkestret sitt besøk ved Operahuset Nordfjord.

Helge Sunde, Karl Seglem, Stian Sjursen Takle og Stein Jarle Aase

GLAD VINNAR: Prisutdelar Helge Sunde og prisvinnar Karl Seglem saman med Stian Sjursen Takle og Stein Jarle Aase i NRK Sogn og Fjordane etter KORK-konserten i operahuset på Nordfjordeid.

Foto: Øystein Torheim

Prisen er eit stipend frå Sparebanken Vest på 25.000 kroner og eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim.

Men Seglem vart i tillegg overraska av Kringastingsorkestret som hadde fått arrangert ein eigen komposisjon til vinnaren.

Vart heidra med KORK-spel

Karl Seglem

ÅRETS ARTIST: Årdølen, jazzmusikaren og verdsmusikaren Karl Seglem vart fredag kveld tildelt Luttprisen.

Foto: Oddleiv Apneseth.

Den renommerte komponisten Helge Sunde frå Stryn hadde i alle hast skrive eit stykke for Kringkastingsorkestret for å heidre Seglem. Dermed fekk også den nybakte Luttprisvinnaren spele saksofon, med det som er eit av norges beste symfoniorkester.

På same scena står blant andre Eva & The Heartmaker, Olav Stedje, Sigrid Moldestad, Tone Damli, Odd-Erik Lothe, Thea Hjelmeland, Good Time Charlie og Iselin Solheim.

Hard kamp om prisen

Seglem fekk prisen i hard konkurranse med 11 andre svært gode finalistar. Det er ein fagjury og ein folkejury som saman har bestemt at det er Seglem som vert tildelt prisen i år.

Dei andre finalistane er Iselin Solheim, Vreid, Good Time Charlie, Olav Stedje, Tone Damli Aaberge, Erlend Apneseth, Line Dybedal Vederhus, Linda Gytri, Eye Emma Jedi, Steinar Engelbrektson og Unni Løvlid.

Markert seg nasjonalt, lokalt og internasjonalt

Juryen seier i si grunngjeving at Luttprisvinnaren i år har markert seg sterkt både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vinnaren har i mange år hatt suksess langt utover norske grenser, og har også i år hausta strålande omtaler både for konsertane sine, og plata som vart sleppt i haust.

Artisten og komponisten er ein nestor innan sin sjanger, og har ei imponerande karriere å vise til, med komposisjonar og utøving i verdsklasse. Luttprisvinnaren står fram som ein solid ambassadør for fylket, med musikk tufta på tradisjonar. Men samstundes med eit glødande engasjement for å blande stilar og sjangrar.

– Viktig pris for meg

Årets vinnar seier han er både stolt og glad over å bli tildelt Luttprisen som årets artist i Sogn og Fjordane.

– Eg er både stolt og glad, og kanskje mest av alt blir eg inspirert til å halde fram med å skape og spele musikken min i det vidare. Som kunstnar føler ein seg no og då motlaus, og utan tru på at det ein skapar når ut. For meg er det difor svært energigivande å få ein slik pris. Ja, rett og slett viktig, seier Seglem om tildelinga.

Viktig med skryt frå eigne

Han seier også at det er noko ekstra at prisen kjem frå hans heimfylke.

– Eg kjenner meg sterkt knytt til folk og natur her, og eg håpar også at det eg skapar kan inspirere andre til å forma og arbeide fram noko eige – med djupe røter i Sogn og Fjordane.

Tidlegare Luttpris-vinnarar

Desse har fått Luttprisen tidlegare: Eva Weel Skram (2006), Sigrid Moldestad (2007), The Generous Days (2008), Håvard Lothe (2009), Sigrid Moldestad (2010, Eva Weel Skram (2011) og Vreid (2012).

I juryen for årets pris sit Arnt-Ivar Naustdal (Malakoff Rockfestival), Øyvind Lyslo (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Ronny Brede Aase (NRK P3), Stein Aase (NRK), Kristin Sandal (Norsk Country Treff), Tom Øyvind Solheim (Sparebanken Vest) og Jan Inge Fardal (Sogn Avis.)