Hopp til innhold

Karl Lerum er død

Tidlegare fabrikkdirektør og eigar av Lerum AS, Karl Ørbeck Lerum, gjekk bort laurdag, 98 år gamal.

Karl Lerum og tippoldebarnet Mie

TIPPOLDEBORN: Karl Lerum saman med tippoldebarnet Mie ved eit juleselskap hjå familien Lerum.

Foto: Sunniva Lerum Hollekve / privat

Karl Lerum vart fødd i 1916 i Sogndal. Lerum gjekk Sogndal folkehøgskule og arbeidde som kjøpmann på Sørheim i Luster og i Vik.

Kongens fortenestemedalje

Lerum leia den store utbygginga av nye fabrikkar i Sogndal i 1964, og bygging av fabrikken Sognesaft på Foss i 1974-1975.

Lerum har vore svært for næringslivet i Sogn og Fjordane og Sogndal. I 1984 var han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

– Lyser fred over minne til bestefaren

Laurdag kveld la Trine Lerum Hjellhaug ut følgjande melding på Facebook:

Vår kjære bestefar, Karl Ørbeck Lerum, sovna stille inn i dag. Han var til det siste opptatt av korleis det gjekk med oss og bedrifta, som foreldra hans grunnla i 1907. Han vart 98 år, og hadde eit langt og godt liv. Vi lyser fred over minne til bestefaren.

Familiekonsern

Lerumkonsernet er familieeigd, der 4. generasjon i dag er eigarar.

Lerum-konsernet i Sogndal er ein av dei største produsentane av saft, syltetøy og leskedrikkar i Noreg, og er den største industriarbeidsplassen i Sogndal kommune.

Konsernet er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus, og har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907.

Lerum AS har levert gode resultat dei siste åra, og har om lag 130 tilsette.