Hopp til innhold

Karl Håkon måtte flytte mot sin vilje – fordi han bur i feil kommune

EIKEFJORD (NRK): Eit avslag frå heimkommunen har tvinga Karl Håkon Knutsen (21) vekk frå bu- og behandlingstilbodet han treng.

Tone Sandvik og Karl Håkon Knudsen

BRUKER TEIKNSPRÅK: Teiknspråk er avgjerande for at Karl Håkon Knutsen skal ha ein god kvardag. Han og mor Tone Sandvik bruker både teikn og tale heime i Eikefjord.

Foto: Benedikte Grov / NRK

«Teiknspråk er viktig» står det på T-skjorta til Karl Håkon Knutsen. Heime på kjøkkenet til familien i Eikefjord i Flora kommune går det både i tale og teiknspråk når han kommuniserer med mor Tone Sandvik.

– Først og fremst treng han nokon som forstår han og som forstår teiknspråk, seier ho.

21-åringen er fødd med det sjeldne syndromet CHARGE. For Knutsen medfører det mellom anna at han berre har litt høyrsel og nedsett syn. På ulike måtar treng han rettleiing i kvardagen. Han har i fleire år hatt eit fulltidstilbod ved kompetansesenteret Signo i Sandefjord kommune, der han har budd, gått på skule og hatt fritidsaktivitetar.

– Bowling, kino, der er mange forskjellige aktivitetar, fortel han.

Ikkje minst har han venner på Signo som også bruker teiknspråk. Men då Knutsen søkte vaksentilbodet Signo Vivo, kom avslaget frå Flora kommune.

– Vi blei skuffa og engstelege for korleis det skal gå, seier Sandvik.

Er uroa

Sonen har førebels berre fått vedtak om bustad i Flora kommune. Etter at han kom heim frå Signo, har han hatt sommaravlasting, støttekontakt og eit dagaktivitetstilbod tre gonger i veka.

Sandvik uroar seg over at kommunen ikkje har kompetanse på CHARGE og heller ikkje kan gi sonen eit like heilskapleg tilbod.

– Når det finst eit tilbod som Signo, skal det vere kvar du bur i landet som avgjer om du får det? spør Sandvik.

– Det er forskjell på å ha nokon som kan teiknspråk og det å ha eit teiknspråkmiljø, og eit godt læremiljø med venner på same nivå og aktivitetstilbod som treffer. At det ikkje er oppbevaring, men noko meiningsfylt.

Ja i Søgne, nei i Flora

Lenger sør i landet, i Søgne kommune, har Inger Johanne Elliott i tre år kjempa for at dottera Alethia Elliott (21) skal få halde fram på Signo Vivo. Ho har ei utviklingshemming og er døv, og ho er difor heilt avhengig av teiknspråk. Til liks med Knudsen, har ho budd seks år ved senteret i Sandefjord.

I august sa eit fleirtal i kommunestyret i Søgne ja.

Alethia Elliott

FEKK JA: Alethia Elliott (21) i Søgne kommune fekk førre månad ja frå kommunestyret der til å halde fram ved Signo Vivo. Mor hennar Inger Johanne Elliott meiner staten må ha ansvaret for dottera og andre i same situasjon.

Foto: Kjartan Bjelland / Fædrelandsvennen

– Det var ikkje avklara kva tilbod som kunne bli gitt i ny kommune, og i gamle Søgne kommune kunne vi ikkje gi eit slikt tilbod. Kvinna var blitt plassert i ein institusjon for eldre og psykiatri, det var uverdig, forklarer Søgne-ordførar Astrid Hilde (Ap).

I Flora meiner kommunalsjef Norunn Stavø at kommunen kan gi eit godt og forsvarleg tilbod etter at Karl Håkon Knutsen no er ferdig med vidaregåande opplæring. Det har dei også fått medhald frå Fylkesmannen i.

– Utdanningstilbodet var eit samarbeid mellom Flora kommune og fylkeskommunen fordi vi ikkje kunne gi eit godt tilbod med behova han hadde under utdanning. No er han vaksen og vi kan gi eit godt og fagleg forsvarleg bu- og aktivitetstilbod i eigen kommune.

Må endre systemet

Det er ei heilt vanleg problemstilling at adressa di bestemmer kva tenester du får, meiner Harald Hansen, leiar i landsforbundet for utviklingshemma og pårørande (LUPE) og andre nestleiar i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO).

Han viser til at kommunane får rammetilskot og dessutan kan søkje om ekstra midlar til ressurskrevjande brukarar.

– Problemet er at midlane ikkje er øyremerkte. Det har vi jobba i årevis for å få til, men kommunal sjølvråderett øydelegg for det. Så må det nok ei kulturendring til hos ein del saksbehandlarar så dei ser individet, og ikkje på budsjettpostane heile tida.

Sjølv om Inger Johanne Elliott har vunne fram på vegner av dottera, jobbar ho vidare for andre. Ho meiner ansvaret bør flyttast frå kommunalt til statleg nivå.

– Denne sårbare gruppa bør varetakast med eit statleg budsjett. I dag er du heilt prisgitt kva kommune du bur i, kor mykje pengar dei har og kor villige dei er til å setje seg inn i brukaren sine behov.

Vil ta saka opp i kommunestyret

Etter at NRK kontakta Helse- og omsorgsdepartement kom gruppeleiar for Framstegspartiet i Flora, Frank Willy Djuvik, på bana.

– Departementet tok kontakt med meg og lurte på eg om kjente til saka. Det gjorde eg ikkje, men vi som politikarar har eit ansvar for enkeltpersonar som bur i kommunen. Ser vi at nokon kunne fått eit betre tilbod ved ei anna vedtak, meiner eg vi har eit ansvar for løfte det til politisk behandling.

Frank Willy Djuvik

VIL TA SAKA OPP I KOMMUNESTYRET: Frank Willy Djuvik, gruppeleiar for Framstegspartiet i Flora, vil no ta saka til Knutsen opp i kommunestyret.

Foto: Adam Pietrzak / Adam Pietrzak

Han vil ta saka til Knutsen opp i førstkomande kommunestyremøte.

– Det er viktig slå fast politisk at vi som kommune ikkje vil setje oss imot at andre tilbod med spisskompetanse på ulike område kan levere tenester også på vegner av Flora kommune, av og til betre enn kommunen sjølv kan klare.

Samtidig har familien i Flora no fått bistandsadvokat og vil sende saka til Sivilombodsmannen. Dei er villige til å gå rettens veg.

– Vi snakkar jo om «å flytte heim til Signo», at Signo er heime. Så vi håpar jo at det kan skje, seier Sandvik.