NRK Meny
Normal

Karina hovudperson i Gründerne på TV

26 år gamle Karina Løbø Fimland frå Førde er ein av dei unge gründerane som blir presenterte på NRK1 onsdag kveld.

Karina Løbø Fimland

GRÜNDER: Karina Løbø Fimland

Foto: Privat

– Det er fantastisk å få lov til å skape noko, og å få jobbe vidare med det, seier Løbø som har etablert sitt eige firma i Porsgrunn.

I programmet Gründerane på NRK 1 ser Forbrukerinspektørene på kva som skal til for å bli ein gründer, kva som er ein god idé. Christian Strand, som er programleiar jaktar på sine gode gründer-idé.

Vender seg til jegerar

I programserien får vi møte ulike gründerar, og i onsdagens program er seks og eit halvt minutt av programmet via Karina Løbø Fimland og verksemda som ho og ein person til har starta – GrippX.

GrippX

FOR JEGEREN: GrippX har utvikla eit produkt som skal gjere det lettare for storviltjegeren å få bytte med seg ut av skogen.

– Vi har utvikla eit handtak til tau, som skal gi jegerane eit betre grep når dei skal dra viltet med seg ut av skogen, seier Løbø.

Den andre i firmaet er ivrig jeger, og iden til produktet kom då han hadde vore på elgjakt, og hadde hatt problem med å få med seg elgen. Dei to jobba då i ei studentbedrift ved Høgskulen i Telemark, der dei då studerte.

– Då byrja vi å teikne og undersøke marknaden for å sjå om den fanst liknande produkt, men det gjer det ikkje så langt vi har funne ut, seier Løbø.

Hva skal til for å bli en gründer? Forbrukerinspektørene ser nærmere på hva som er god idé. Vi møter gründeren bak læringsspillet Kahoot, og gründerbedriften Grippx som utvikler et verktøy til storvilt-jakt. Programleder Christian Strand jakter på sin gode gründer-idé. (1:4)

Mykje jobb

Å starte si eiga verksemd og utvikle nye produkt er eit tøft løp som krev mykje av den skal gjere det.

– Det krev mange timar, og du skal vere glad i å jobbe. Du må vere klar for å vere på jobb heile tida, for det tikkar alltid inn mail, og det er alltid noko å gjere.

Men sjølv om det kostar mykje både tid og energi, så er det også samstundes verdt det meiner den 26 år gamle gründeren.

– Det er vel verdt når du byrjar å sjå dei små sigrane. Det er ikkje alt som fungerer men då veit du at du må gjere det på ein annan måte neste gong, seier Løbø.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.