Hopp til innhold

Karikaturane sette livet hennar på spel

Gjennom karikaturteikningane viste Yeganeh misnøye med det iranske regimet. Ho vart oppdaga av moralpolitiet og vart deretter tvungen til å teikne karikaturar som fremmar regimets ideologi, som ho så inderleg hatar.

Yeganeh Obama

FLUKT: 21-år gamle Yeganeh Samiminejad risikerte livet sitt i Iran fordi ho teikna karikaturar som det iranske regimet ikkje var særleg glad for. No har ho søkt om asyl i Noreg.

Yeganeh karikatur

KONTRAST: Yeganeh seier at ho i dette bilde ynskjer å vise korrupte politikarar i Iran som berre tenker på pengar til seg sjølv, medan folk ser etter mat i søppelet på gata.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

– Eg hadde tiltru til mine venner, eg trudde aldri at dei kom til å sladre, seier 21 år gamle Yeganeh Samiminejad som no bur i Førde.

Ynskje om å bli flinkare til å teikne gjorde at ho valde å gå kunstlinja på ein vidaregåande skule i Iran. Men Yeganeh hadde ein hobby som ho heldt skjult for skulen. Jenta var nemleg politisk bevisst og hadde sterke meiningar om det iranske regimet. På fritida sat ho heime og teikna karikaturar som uttrykte kva ho følte og meinte om det politiske og sosiale livet i landet.

På eit tidspunkt fekk venner ho hadde tiltru til sjå teikningane. Ryktet gjekk fort frå person til person heilt til det nådde rektoren på skulen og moralpolitiet Basij.

– Eg vart straks konfrontert og fekk ei åtvaring om at det er strengt forbode. Dei la derimot ikkje skjul på at eg har eit talent og det ville dei nytte seg av, fortel ho.

Vart straffa til å teikne meir

På skulen sa dei at ho skulle få sleppe billig unna dersom ho teikna karikaturar som fremma regimets religiøse og politiske ideologi. All motstand ville få fatale konsekvensar. Tenåringen såg ingen utveg. Frykta førte til at ho gjorde det dei bad om, trass i at det var svært ubehageleg.

– Eg følte meg tvungen til å uttrykke noko som eg var inderleg imot, og irritasjonen auka for kvar dag som gjekk i det eg sat og teikna for dei, seier Yeganeh.

Det å vera under deira autoritet var pinande og torturerande innvendig.

Yeganeh

– Eg var stressa, nervøs, redd og følte konstant på angsten
Yegane Karikatur

KORRUPSJON: Ein iransk, politisk og religiøs leiar sit på ryggen til Obama. Yeganeh meiner at verken USA eller det iranske regime er opptekne av menneskerettane til Iranarane.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Etter å ha teikna fleire portrettar av politiske og religiøse leiarar, og laga kalligrafiske setningar og sitat som kom frå lærde og politikarar, fekk Yeganeh nok. Ho følte seg dårleg, kvidde seg til å gå på skulen, og etter kvart byrja ho å skulke.

– Foreldra mine visste at dette ikkje var noko løysing, for før eller sidan kom me til å bli kontakta av rektoren, seier 21-åringen.

Det gjekk ikkje lang tid før dei vart kontakta med spørsmål om kvifor Yeganeh ikkje er på skulen. I byrjinga kom mora med unnskyldningar om at jenta er sjuk og følar seg dårleg.

– I mellomtida prøvde me tenkje ut ei løysing, fortel jenta. Men telefonane tok ikkje slutt og etter ei stund fekk me beskjed om at eg kom til å bli henta med tvang dersom eg ikkje møtte opp på skulen.

Ei umiddelbar løysing

– Om eg skulle halde fram med skule eller ikkje var ikkje det store spørsmålet lenger. Forholda ville ha vore verre enn nokon sinne om eg hadde gått på skulen igjen. Difor bestemte mine foreldre seg for å få meg ut av landet så fort som mogleg, fortel ho.

– Menneskesmuglarar vart betalt for å hjelpe meg og mor mi ut av landet. Me enda opp i Noreg, og her har me søkt asyl, seier jenta.

Ikkje godt nok for UDI

Yegane går på folkehøgskule i Førde. Ho og mora har vore i Noreg i snart tre år og framleis utan permanent opphaldsløyve. Dei har fått fleire avslag på asylsøknaden sin fordi UDI meiner at dei ikkje har god nok dokumentasjon på at livet deira er i fare dersom dei vert sendt tilbake til Iran. Yeganeh og mora har klaga på det siste avslaget og det er uklart kva som skjer vidare.

– I Iran har faren min flukta frå byen me budde i fordi regimet har vore etter han sidan eg og mor mi drog frå landet. Me kan ikkje ha noko kontakt med han fordi me fryktar telefonsamtalene vil bli avlytta. Eg har òg ei syster som bur med mannen sin i Iran.

– Systera mi tørr ikkje å gå åleine på gata utan mannen sin fordi ho er redd nokon frå regimet vil kidnappe ho som straff for at eg og mor mi har flukta.

Yeganeh karikatur

AVRETTING: Det er ope for alle å sjå på når nokon vert avretta i Iran. Yeganeh meiner at folk ser og observerer avrettingane som om dei er på kino og ser på film. Difor har ho teikna 3D-briller på dei.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK


Gjev ikkje opp

Dette handlar ikkje berre om meg no, men heile familien min.

Yeganeh


I Noreg såg Yeganeh moglegheita til å kunne uttrykke seg politisk på andre måtar enn karikaturar. Det gjekk ikkje så lang tid før ho vart aktiv i opposisjonsgruppa Folkets Mujahedin som det iranske regimet har stempla som ein terrorgruppe. Yeganeh har mellom anna halde appellar på markeringar som organisasjonen har hatt i Oslo, der dei gjer uttrykk for sin motstand mot det iranske regimet.

21 år gamle Yaganeh Samiminejad demonstrerer mot det iranske regimet i Oslo.

Demonstrasjon: Yeganeh heldt appell for organisasjonen Folkets Mujahedin i Oslo, sommaren 2014. Appellen var mot det iranske regimet.

– Det er ein risiko, men det er verdt det


Til spørsmål om Yeganeh ikkje er uroa for kva slags konsekvensar engasjementet hennar i Folkets Mujahedin kan ha dersom ho vert sendt tilbake til Iran så seier ho at livet hennar er sett på spel, men sjansen ho tar er verdt det.

– Først og fremst fordi eg allereie var truga i Iran, om eg er politisk aktiv i Noreg eller ikkje hadde ikkje ført til noko godt uansett. For det andre handlar ikkje dette berre om meg og min historie.

– Dette er ein kamp som eg har valt å ta på vegner av mange andre som er fråteken sine grunnleggande menneskerettar, seier jenta.

Lever med draumen

Kva som kan skje med ho dersom det ikkje vert noko framtid i Noreg er uklart. Yeganeh trur i beste tilfelle fengsel, men det er òg sjanse for at ho må bøta med livet.

– Dersom eg får opphaldsløyve i Noreg ynskjer eg å gå på ein skule der eg bli flinkare til å teikne, men òg bygge ein karriere som gjer meg moglegheit til å uttrykke meg gjennom kunst. Draumen min er å få bli i Noreg slik at eg kan rette søkjelyset på det som skjer i Iran, i håp om at regimet på eit tidspunkt vert styrta, avsluttar Yeganeh.

Yeganeh Karikatur

REGIMETS FALL: Det iranske regimet er på grensa til å drukne. Samstundes prøvar Iran å redde den syriske presidenten og hans regime frå å drukne.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK