Kvalheim var tiltalt for utbytteheleri i samband med sal av to oppdrettskonsesjonar frå OK Fish til Pan Fish, og Økokrim hadde lagt ned påstand om tre års fengsel.
Visste ikkje
Tingretten slår fast at Kari Kvalheim visste at oppdrettskonsesjonane til OK Fish skulle seljast, og at verdiar for vel 21 millionar av kjøpesummen skulle overførast til broren sitt selskap. Men ho har på ingen måte visst at dette var pengar frå eit straffbart forhold, og blir dermed frifunnen. Dette trass i at retten meiner ho burde reagert på at ho skulle disponere desse pengane.
Kvalheim må derimot betale 25.000 kroner i bot for å ha skreve ut fakturaer som gjorde at OK Fish unngjekk EU sin minstepris i fleire år.
Svogeren dømd
Når det gjeld svogeren til Jarle Kvalheim, Per Ingvoldstad, meiner retten at heller ikkje han har handla med føresett då han let Jarle Kvalheim overføre aksjar verd 21 millionane til sitt selskap. Retten meiner likevel han burde reagert på at her var det noko som ikkje stemte, og har dømd han til fengsel i seks månader for å ha handla aktlaust. Fem av månadene er på vilkår.