Hopp til innhold

Karar barka saman i Førde

Like etter midnatt måtte politiet i Sunnfjord rykke ut etter melding om slåsting utanfor ein serveringsstad i Førde.

Politi illustrasjojn

SLÅSTING: Politiet måtte natt til laurdag rydde opp i to slagsmål i Førde sentrum.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var tre personar som var involverte i slåsting, ein av dei blødde frå andletet opplyser politiet. Ein 18 år gammal mann har fått blått auge, og vart send til legevakt for sjekk. Ein 19 som er mistenkt i saka fekk pålegg om halde seg vekk frå sentrum

Vel ein time seinare på måtte politiet rykke ut igjen til same området etter melding om ein mann som var slått og låg på bakken.

– Den fornærma vart tatt med i ambulanse for sjekk. Ut over det har vi ikkje opplysningar om skadeomfang, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest Politidistrikt.

Begge dei involverte i hendinga er mann i 20-åra.