Hopp til innhold

Karadas ute i to til tre veker

Azar Karadas har fått konstatert brot i kinnbeinet, og Sogndal må dermed greie seg utan forsvarskjempa i to til tre veker.

Azar Karadas måtte ut med skade i kampen mot Sarpsborg 08

UTE I TO TIL TRE VEKER: Sogndal må klare seg utan forsvarskjempa Azar Karadas dei neste kampane. Under kampen mot Sarpsborg 08 fekk han seg ein real smell i starten av andre omgang.

Foto: Wantana Tierney

– Azar har fått konstatert brot i kinnbeinet. Det er ikkje noko stor dramatikk, men det lønner seg å stabilisere brotet og vi ventar no ein operasjon, seier medisinsk leiar Andreas Foss i Sogndal Fotball til NRK.no måndag.

Det var under kampen mot Sarpsborg 08 søndag kveld at Azar Karadas fekk seg ein real smell i starten av andre omgang. Eidaren måtte tole tøffe duellar med gjestane sine spissar Aaron Samuel og Frank Dja Djedje, og det enda til slutt på sjukehus.

Håpar han er tilbake om nokre veker

Karadas måtte forlate bana med bomullsdottar i nasen og tydelege spor i ansiktet etter samanstøyten. Han var raskt frakta til Førde sentralsjukehus der han no får behandling.

– Det vil gå to til tre veker før skaden har grodd, og det har blitt så stabilt at han kan kome tilbake i spel. Det er iallfall håpet, seier medisinsk leiar Andreas Foss.

Det er førebels ikkje noko som tyder på at forsvarskjempa har fått hjerneristing i tillegg.

Hannu Patronen

USIKKER: Det er framleis usikkert om Hannu patronen er klar til kampen mot Bodø/Glimt på søndag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Eirik Bergum Skaasheim

STREKK: Eirik Bergum Skaasheim måtte gå av bana i går med ein strekk.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Men behandling for hjerneristing er ro og kvile, noko han får no uansett, så det skal gå greitt, seier Foss.

– Kor alvorleg er det at han må operere?

– Det er ikkje noko alvorleg med tanke på at om dette var ein normal pasient så kunne ein valt å ikkje operere. Men på grunn av jobbsituasjonen hans er det å anbefale i dette tilfellet.

– Han har smerter

Foss seier Karadas truleg kan bli sett i aktivitet i løpet av neste veke, men han blir ikkje å sjå på kamp med det første. Eidaren er svært viktig for Sogndal i forsvarsrekkja og er venta ute minst to kampar.

– Han kan trene i mellomtida, og håpet er at han er fullt klar igjen til kamp etter to til tre veker.

– Kva seier Azar sjølv om skaden?

– Han har smerter, men elles er han i god form. Han er inneforstått med vidare plan for behandling, og ønskjer sjølv å kome seg fortast mogleg tilbake på fotballbana for å bidra, seier Foss til NRK.no.

Fire i forsvarsrekkja er ute med skade

Men Azar Karadas er ikkje den einaste i forsvarsrekkja til Sogndal som nett no er ute med skade. Hannu Patronen, Bjørn Inge Utvik og Eirik Bergum Skaasheim er i same situasjon.

Patronen vart skadd under trening på fredag.

– Han har blitt behandla for hjerneristing etter ein hovudduell på trening. Han har vore litt groggy, men er på betringas veg. Han er litt usikker i forhold til komande kamp, men bør kome seg til neste veke, seier medisinsk leiar Andreas Foss.

Bjørn Inge Utvik har beinhinnebetennelse og var i delvis trening sist veke, og Foss reknar med det blir det same denne veka.

– Han kjenner seg fin og har ikkje meir smerter etter trening, så det vil seie at vi håpar han er klar til kamp i helga, seier Foss.

Under kampen mot Sarpsborg 08 i går måtte også Eirik Bergum Skaasheim ut med skade. Han fekk seg ein strekk like før pause.

– Han gjekk såpass bra etter kampen i går, og det er eit positivt teikn. Det er uvisst om han rekk kampen i helga, men han skal til nokre vidare undersøkingar. Vi håpar han er klar i løpet av neste veke.

Sogndal-trenar Jonas Olsson etter kampen mot Sarpsborg 08. Reporter: Inge Kjell Holme - foto: Arne Stubhaug