NRK Meny
Normal

Går rett inn på laget til helga

Azar Karadas (31) er klar til å brette opp ermane for å sikre Sogndal Fotball fornya kontrakt i eliteserien. Sogndaltrenar Jonas Olsson vil ha Azar rett inn på laget.

Azar Karadas

PÅ PLASS: Tysdag ettermiddag var Azar Karadas på plass i Sogndal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sogndal blir nordfjordingen sin åttande klubb sidan han reiste frå Eid i 1998.

I ettermiddag kom Azar Karadas til Sogndal for å gjennomføre den medisinske testen. Han håpar å vere klar til oppgjeret mot Strømsgodset førstkommande søndag.

– Det er det vi tek sikte på, seier 31-åringen.

Det satsar og Sogndaltrenar Jonas Olsson hardt på. Vel vitande om at laget treng forsterkningar og rutine, kjem svensken til å bruke Azar som eit vinnarkort i kampen mot Strømsgodset.

– Vi er glade for å få Azar på plass, og det er eit klart mål at han skal inn på laget komande søndag, seier Olsson til NRK.

Takka nei til fleire klubbar

Karadas vende i sommar heim til Norge etter eit meir eller mindre mislukka opphald med tyrkiske Kasimpasa.

Sidan har han trena med Brann, og vore linka til fleire skandinaviske klubbar.

– Etter at ting løyste seg i Tyrkia, så byrja det å rulle på. Det har vore ein god del klubbar involvert, og det har vore opp til min agent å peike ut dei seriøse og mindre seriøse. Så har vi sikta oss inn på ein del klubbar, og valet falt på Sogndal. Det var ein del klubbar på slutten, seier han.

Jonas Olsson Azar Karadas

HAR TRUA: Sogndaltrenar Jonas Olsson satsar på at Azar Karadas kan gå rett inn på laget mot Strømsgodset komande helg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kjenner seg velkomen

Brann er ikkje mellom klubbane som tilbydde han kontrakt, men onkel og agent, Jack Karadas, stadfesta i førre veke at Hønefoss var ein av fleire klubbar dei snakka med.

31-åringen vil ikkje nemne klubbar, men han er glad for at valet til slutt vart Sogndal.

– Vi har hatt dialog over ein lang periode, og eg kjende meg veldig ynskt og velkomen i klubben. Det vart avgjerande for at eg valde Sogndal, seier han.

– Du kjenner jo Eirik Bakke frå tida i Brann, det er ikkje han som har prøvd å overtale deg til å komme til Sogndal?

– Det er ingen løyndom at eg har snakka med han undervegs her. Både om Sogndal og andre ting. Men først og fremst er eg glad for at heile Sogndal ynskte meg.

– Han gir alt, alltid

Etter ein strålande start på sesongen har Sogndal falle sakte, men sikkert mot nedrykksplass. Etter berre sju poeng på 14 kampar har Jonas Olsson sine disiplar gått frå sølvplass til nedrykksstrid.

Sogndal-kjennar Jon Navarsete meiner 31-åringen frå Eid er rett mann for å snu trenden.

– Azar er ein type som kan vekkje heile flokken i kraft av den han er. Når han går på bana så luktar det svidd. Han er ein kraftplugg som gir alt, alltid. Eg trur han kan medverke med eksempelets makt i høve til duellspelet. Og så er han ein vinnartype, seier han.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Karadas si fotballkarriere

Klubb

Periode

Kampar

Mål

Eid

 - 1998

 

 

Brann

1999-2002

50

12

Rosenborg

2003-2004

60

13

Benfica

2004-2007

27

4

Portsmouth (lån)

2005-2006

20

1

1. FC Kaiserslautern (lån)

2006-2007

11

1

Brann

2007-2009

48

10

Kasimpasa

2009-2012

36

2

Sogndal

2012-

 

 

 

 

 

 

Landslag

 

 

 

Norge U21

1999-2000

33

12

Norge A-landslag

2001-2008

10

1

– Smart å gjere noko

Spelarutviklar Håvard Flo sa måndag at Sogndal er i ein tabellsituasjon som tilseier at «det er smart å prøve å gjere noko».

– Azar er jo ein profil som passar godt inn hos oss. Han er jo frå fylket, det er eit kjempepluss. Men han representerer og ein leiarskap og ein fotballtype som vi har behov for. Vi treng ein med litt pondus, for å seie det slik, sa han.

Trur på ny kontrakt

Med berre ti kampar att av sesongen ser Karadas fram til å ta til på ein karriere i svart og kvitt.

I hovudsak er 31-åringen henta som midtstoppar, men nordfjordingen kan også brukast som spiss.

– Dette ser eg veldig positivt på. Eg er veldig glad for å få lov til å spele for Sogndal og er optimistisk med tanke på å overleve i Tippeligaen, seier han og fortel at han for resten av sesongen vil veksle mellom å ha bustadadresse Bergen og Sogndal.

Utelukkar ikkje forlenging

– Heilskapen vart avgjerande, men familiesituasjonen var viktig. Vi har fått til ei løysing der eg bur mest i Sogndal, men i periodar får reise til Bergen for å treffe kone og tre born som går på skule og i barnehage, seier han.

– Men kvifor ein kortsiktig avtale? Er det ikkje betre å ha perspektiv på framtida?

– No vart det slik denne gongen. Det passa både meg og Sogndal veldig bra, så dette ser vi fram til, seier han.

Mykje positivt

– Kva tankar gjer du deg om å bli i Sogndal utover 2012-sesongen?

– No tek vi denne sesongen først, og så får vi setje oss ned etter sesongen og evaluere. Så får vi sjå litt framover, seier han og vedgår at det blir spesielt å trekkje den svarte og kvite Sogndal-drakta over hovudet.

Sogndal prøvde ved fleire høve å hente spelaren som gjekk til Brann som 17-åring.

– Sogndal er jo den klubben i Sogn og Fjordane som alle ser opp til. Etter at eg valde Sogndal, så har eg fått veldig, veldig mykje positive tilbakemeldingar. Ikkje minst frå folk i Eid, så det var artig, avsluttar han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.