Hopp til innhold

Karadas tilbake i Sogndal for 2013-sesongen

Etter å ha vore utan kontrakt i knappe tre månader, er Azar Karadas tilbake i Sogndal-trøya. Han har signert ei eittårskontrakt med klubben.

Azar Karadas

GLAD: Azar Karadas ser fram til å spele i Sogndal-trøya att.

Foto: Arve Uglum / NRK

Då kontrakten til den 31 år gamle midtstopparen gjekk ut førre sesong, stod eidaren utan ny kontrakt.

I det siste har midtstopparen vorte kopla opp mot fleire klubbar, utan at det har vorte noko meir. Men no er han altså tilbake i den svarte og kvite trøya.

Er open for lengre opphald

– Vi hadde ein god dialog sidan i fjor, men det var nokre klubbar i utlandet som var interesserte i januar. Det såg eg på, men det løyste seg ikkje heilt som eg hadde sett føre meg, så då tok vi opp att dialogen. Eg er veldig glad og takksam for å ta på meg Sogndal-drakta att, seier Karadas.

Sjølv om signeringa er for eitt år, er han open for å bli lengre i saftbygda.

– Eg er open for å bli lengre, men vi tek eitt år om gangen, og ser kva vi får ut av det, seier Karadas.

Blir ein ny leiartype

– Sogndal har mista mange av leiartypane sine, både Henrik Furubotn, Eirik Bakke og Kenneth Udjus. Kor viktig blir du i ein slik samanheng?

– Det er klart det blir ein viktig jobb. Det er mange unggutar her som treng rettleiing, at ein får dei på plass for å gjere jobben best mogleg. Eg skal prøve å bidra så godt eg kan der og, men eg vil gjerne bidra på bana også, seier Karadas.

Han er ikkje spesielt skuffa over at det ikkje vart nytt opphald i utlandet.

– Ein har jo eit håp om at noko spennande skal dukke opp, og det var noko spennande i kulissane. Men det er mykje som skal stemme 100 prosent for meg og familien min, og det gjorde det ikkje. Dei er veldig glade for at det vart Sogndal, seier Karadas.

Veit ikkje kor på bana han skal spele

Om familien flyttar til Sogndal har dei ikkje bestemt endå.

– Vi får sjå korleis vi løyser dette reint praktisk. Dei er innstilt på dette og ser fram til det, seier Karadas.

Kor på bana han blir å sjå, er han open for.

Jonas Olsson

NYTTIG: Sogndal-trenar Jonas Olsson understrekar at Karadas er ein god mann å ha, både på og utanfor bana.

Foto: Frida Marlen Dingsøyr Holme / NRK

– Eg er her for klubben, så kor dei vil bruke meg, er opp til dei, seier Karadas.

Også sportsleg leiar, Håvard Flo, er nøgd med signeringa.

– Det har med korleis ein set i hop ein tropp. I og med at Azar no er hjå oss, så er det eit signal på at vi har prioritert hans ferdigheiter både på og utanfor bana, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Er god både på og utanfor bana

Også trenar Jonas Olsson er nøgd med signeringa av eidaren.

– Azar var med oss i haust og det var trist då han skadde seg i ankelen og var ute ei lang stund. Men han gjorde ein god jobb, både som spelar og leiar, ikkje minst. Han kom inn i dei siste kampane og gav laget energi, ikkje minst i siste kampen mot Brann som var avgjerande for at vi heldt fram i Tippeligaen, seier Olsson.

Han legg til at Karadas har trent godt sjølv, i tillegg til at han har trent med Nest-Sotra.

– Han har tre veker på seg til serien byrjar, og vi er svært glade for at han er her, og at han blir med i 2013, seier Olsson.

Karadas har i det siste trent med 2. divisjonslaget Nest-Sotra. Karadas spelte sju kampar for Sogndal på hausten i fjorårssesongen, og står bokført med 172 tippeligakampar. Han har også 35 mål for klubbane Rosenborg, Brann og Sogndal.