Hopp til innhold

Karadas skåra for Sogndal i treningskampen mot Aalesund

(AALESUND - SOGNDAL 0-1:) Kraftig vind førte til ein utfordrande kamp for Sogndal på La Manga i Spania i dag. Laget fekk likevel til mykje og testa ut den nye formasjonen.

Azar Karadas

SKÅRA MÅLET: Azar Karadas skåra det einaste målet i kampen mellom Sogndal og Aalesund.

Foto: Astrid M. Nordhaug/Digitalsport.no

– Det var utfordrande med vinden, men vi klarte å prestere i begge omgangane trass at det bles friskt. Vi klarte å stå høgt på bana og stresse Ålesund, seier sportsleg leiar Håvard Flo i Sogndal.

Sogndal vann treningskampen mot Aalesund 1–0. Kampen blei spelt på La Manga og Azar Karadas skåra målet for Sogndal i det 25. minuttet. Sportsleg leiar Håvard Flo seier det var ein positiv kamp der dei fekk til mykje.

– Vi fekk kampen inn i på vårt spor frå starten. Vi var aggressive og fekk til mykje av det vi skulle gjere i forhold til kampplanen vår.

Prøver ut ny formasjon

Dette er andre kampen Sogndal spelar ein offensiv 3-5-2-formasjon. Flo seier dei var usikre på korleis det skulle gå.

– Men det fungerte veldig bra frå start til slutt. Defensivt ligg vi nede med backane våre i ein 5-ar bak. Det gjekk bra og er oppløftande føre neste kamp, seier han.

Sogndal har med seg to prøvespelarar, Førde-spelar Kristian Fardal Opseth og Tim Nilsen som er spiss på Nest-Sotra.

– Nilsen kom innpå uti andre omgang. Han gjorde ein god innsats og med litt flaks kunne han ha skåra, seier Flo.

Skal fordele speletida

Tim Nilsen

FEKK PRØVE SEG: Tim Nilsen fekk komme innpå i andre omgang av kampen.

Foto: Astrid M. Nordhaug, Digitalsport.no

Sogndal valde å bruke Malick Mane og Mahatma Otoo som spissar i dag, difor blei det ikkje speletid for Kristian Fardal Opseth som spelar for Førde.

– Vi brukte Mane og Otoo, i tillegg til Nilsen som fekk komme innpå i andre omgang.

Flo reknar med at Opseth får spele neste kamp fordi dei skal fordele speletida i løpet av dei tre kampane på La Manga. Neste kamp er mot Start på søndag.

– VI kjem til å rullere på laget og fordele på speletida med tanke på belastning. Dermed blir det nok ein del skifte til Start-kampen søndag.