Hopp til innhold

Jonas Olsson får ros for modig og nytenkande taktikk mot Brann

Med ein langt modigare spelestil har det ein gong så forsiktige Sogndal-laget teke sju poeng på dei tre siste kampane. Azar Karadas rosar trenar Jonas Olsson for laget sin snuoperasjon.

Olsson

MODIGARE SPELESTIL: Jonas Olsson overrumpla Brann med taktiske grep.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

For etter sju kampar stod Sogndal med skarve fire poeng og låg sist på tabellen. No ligg dei på 11. plass med 11 poeng.

I 2-1-sigeren tysdag kveld overrumpla Sogndal Brann med å køyre Azar Karadas opp som spiss, og Jonas Olsson gjekk vekk frå 3-5-2-systemet han har drilla inn.

Karadas meiner Olsson fortener ros for det taktiske grepet.

– All kreditt til Jonas for at han torer å tenkje nytt og annleis. Vi har mange ferdigheiter i laget, så kvifor ikkje bruke dei? Det er små marginar, men no er vi der vi skal vere, vi torer å spele fotball og kjem til mange sjansar. Og då er det om å gjere å sette sjansane.

Petter Strand og Azar Karadas

ROSAR TRENAREN: Azar Karadas (t.h.) saman med Petter Strand, som sette inn 2-0-målet mot Brann.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK