– Azar informerte oss om at han ikkje var i stand til å ta ei avgjerd, dermed er denne saka avslutta frå vår side, seier sportsleg leiar Håvard Flo til Sogn Avis.
Karadas har sidan sesongslutt vore i dialog med Sogndal om ein ny kontrakt. No er samtalane avslutta, og nordfjordingen står no kontraktslaus.
Flo er overfor Sogn Avis klar på at han aller helst ville ha hatt med seg den profilerte 32-åringen vidare. Karadas var ein svært viktig brikke på laget, då Sogndal sikra seg vidare spel i eliteserien.
– Men når han ikkje kunne ta ei avgjerd, vart det vanskeleg. Azar ser seg truleg om etter noko høgare oppe på stigen, og vi vil helst ha spelarar som har eit brennande ønske om å spele for oss, seier Flo.
Til NRK.no seier Flo at grunnen til at Karadas ikkje har bestemt seg, mest truleg er relatert til familiesituasjon og andre tilbod.
Klubben er godt fornøgd med dei tre nye signeringane til neste sesong med ny kontrakt med finnen Hannu Patronen og så har Helge Haugen og den islandske venstrebacken Logi Valgardsson signert for Sogndal.
- LES OGSÅ: Islending klar for Sogndal
- LES OGSÅ: Haugen klar for Sogndal
NRK.no har i fleire dagar utan å lukkast prøvd å få tak i ein ferierande Karadas.
Karadas sin agent Jack Karadas seier i ein kort kommentar at ingenting er avklart enno. Dei vurderer no fleire alternativ for fotballspelaren, men at Sogndal framleis kan vere aktuelt.
Eidaren har tidlegare spelt for klubbar som Kasimpasa, Kaiserslautern, Portsmouth, Benfica, Brann og Rosenborg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: